I vår legg regjeringa fram stortingsmeldinga om Nasjonal Transportplan 2025-2036. I aust og i vest langs E16 og Bergensbanen håpar ein på to liknade pakkar med ny veg og jernbane. Fagetatane har tilrådd å prioritere E16 og Ringeriksbanen i aust fordi prosjektet har større samfunnsnytte, men frå regjeringshald har det kome signal om at dei vil prioritere ny E16 og bane mellom Arna og Stanghelle på grunn av trafikksikkerheit. Strekninga i vest er rasutsett, blir ofte kalla «dødsvegen», og vart i 2018 kåra til landets verste veg.
Meir merksemd i vest
Hallingdølen har gått inn i ulykkestala for begge vegstrekningane, som er samanliknbare i lengd og trafikkmengd. Tala viser at det er fleire drepne i trafikken mellom Skaret og Hønefoss, medan det er fleire hardt skadde mellom Arna og Stanghelle.
Ulykkestala fekk Hallingdølen frå Statens vegvesen, transport- og samfunnsdivisjonen, trafikksikkerheitsavdeling, seksjon for trafikksikkerheitsutvikling.
– For den som følgjer godt med, er det kjent at det er mange ulykker på Skaret-Hønefoss. Men i den gjengse debatten er det skapt eit inntrykk av at dette er eit langt større problem i vest. Politikarane i vest har nok vore «flinkare» til å lyfta fram problemstillinga. Derfor var det interessant å gå nærare inn i tala og slik sett «knuse ein myte», fortel journalist Embrik Luksengard.
Kan få tryggare veg for «lommerusk»
Eit viktig argument for Arna-Stanghelle er å få vekk ei rasutsett strekning. Hallingdølen har difor også sett på ein skredrapport for alle riksvegane i landet, som kom hausten 2023. Ifølgje rapporten kan skredsikring av dagens veg gjere vegen meir trafikksikker.
– Det er og interessant, heilt uavhengig av prioritering av dei store samferdselsprosjekta, at Arna-Stanghelle kan bli vesentleg mindre utsett for ras ved å løyve skarve 52 millionar kroner. For heile Arna-Voss snakkar me om 240 millionar. Det er lommerusk, legg Embrik Luksengard til.
Har fleire ulykkesvegar
Hallingdølen har og sett på ulykkestala for ein annan dødsveg som hallingane håpar skal kome med i Nasjonal Transportplan: Rv7. Også her har det vore mange alvorlege ulukker. Ei samanlikning med andre hovudvegar viser at vegar som har vorte utbetra, har fått færre ulykker, skriv Hallingdølen (+).
Samstundes presenterer Hallingdølen og ein litt lystigare statistikk: Sjølv om det var fleire dødsulykker, var det færre ulykker totalt i Hallingdal i 2023 enn året før (+).