Skjermbilete frå Sunnhordland.no.
Skjermbilete frå Sunnhordland.no.

Fekk innsyn i hemmelege avtalar mellom Tesla og kommunane

Kommunar gir Tesla gratis eller tilnærma gratis tilgang på areal til ladeplassar. Det fann Sunnhordland ut då dei fekk innsyn i avtalar som Tesla har forsøkt å halde hemmeleg.

Mange norske kommunar har strekt seg langt for å få Tesla til å etablere ladestasjonar, viser Sunnhordland si kartlegging. Dei fleste kommunane har gitt Tesla gratis eller tilnærma gratis tilgang på areal, utan nokon form for konkurranse med andre aktørar.

Tesla sine kontraktar har eit punkt om at innhaldet er konfidensielt. Journalist Hilde Vormedal Nybø fortel at det kravde mykje purring og klaging før ho fekk heilt eller delvis innsyn i alle dei 26 kontraktane ho har funne mellom Tesla og norske kommunar.

Ville sjå lokal avtale

Sunnhordland sitt arbeid med Tesla-kontraktane starta i mai, då det vart kjent at Tesla Norway hadde inngått ein langsiktig avtale med Stord kommune om leige av delar av ein kommunal parkeringsplass. Sunnhordland ville sjekke avtalen, og sende ei innsynsbegjæring 23. mai. Dagen etter fekk redaksjonen avslag på innsyn, med teieplikt om forretningsforhold som grunngjeving.

Sunnhordland påklaga avgjerda. «I klagen stiller me oss mellom anna uforståande til at avtalen skal vera ei forretningshemmelegheit, og meiner at openheit i slike avtalar er heilt i kjernen av det som er grunnen til offentlegheitsprinsippet, at ein skal sikra transparens i offentleg sektor som forvaltar ålmenta sine verdiar og interesser,» skriv Sunnhordland sjølv i denne oppsummerande saka: Parkerings­plass blei til Tesla-stasjon. Slik har kommunen forsøkt å halda korta tett til brystet (+)

Fekk totalsladda dokument

Etter klaging, purring og ein tur innom statsforvaltaren fekk Sunnhordland først ein versjon av avtalen som Tesla hadde nær totalsladda. Deretter fekk dei ein avtale som berre var delvis sladda. Der kom det mellom anna fram at Tesla hadde rett til å ha inntil 28 ladeplassar på parkeringsplassen i inntil 25 år.

Prisen fekk dei framleis ikkje, men i oktober snudde kommunen og gjekk ut med prisen som var på 100 kroner i månaden per ladeplass. «Offentleglova § 11 vart nytta då ein såg at deler av avtalen er av ålmenn interesse,» skreiv kommunen for å grunngje kvifor dei valde å gå ut med beløpet.

Vanskeleg regelverk

Fordi Stord og andre kommunar meinte at det er snakk om vanlege leigeavtalar og ikkje offentlege anskaffingar, har dei ikkje vore lyst ut på anbod.

Sunnhordland har intervjua juridisk ekspert Linda Midtun som meiner at dette er snakk om tenestekonsesjonskontraktar, ikkje leigekontraktar. Har slike kontraktar ein verdi på over 56 millionar kroner, må dei lysast ut i EØS-området. Avtalar over 100.000 kroner skal oppfylle grunnleggjande prinsipp for offentlege innkjøp; konkurranse, likebehandling, forutberegneligheit, etterprøvbarheit og forholdsmessigheit.

Vil ut av avtalen

Sunnhordland fann også ut at avtalen på Stord ikkje har vore handsama politisk.

Det kom fleire negative reaksjonar på avtalen mellom Tesla og kommunen, og etter Sunnhordland sine avsløringar forsøkte kommunen å koma seg ut av avtalen. Tesla har sjølv vurdert at avtalen på Stord har ein verdi på rundt 30 millionar kroner (+).