Sunnhordland-hurra

Bytta kakefest med bursdagssending

Sunnhordland plar invitere til kakefest på sin eigen bursdag kvart einaste år. I år vart festen flytta til nett-tv.

Heilt sidan Sunnhordland fylte 90 år i 1992 har dei feira bursdagen sin med kakefest i Borggata. I år sette koronaviruset ein stoppar for kakefesten. I staden laga dei bursdagssending på nett-tv.

Sunnhordland hadde vore ute og laga fleire intervju på førehand, mellom anna med musikantar i skulekorps og den nye redaktøren Hilde Vormedal Nybø. I tillegg hadde dei gjester og underhaldning i studioet som dei hadde rigga opp på taket. Programleiar på taket var Kjetil Østrem.

Vil du ha inspirasjon til feiring av jubileum eller kanskje 17. mai? Sjå sendinga her.