Hallingdølen gjer noko med det.
Ein gong i månaden summerer Hallingdølen opp vêret den siste månaden. Dei bruker ein fast mal med grafisk framstilling av mellom anna nedbør og temperatur.
– Me har hatt spalta i mange år, med ulik utforming vel og merke, fortel redaktør Embrik Luksengard i Hallingdølen.
Det er Kjell Slåtten som skriv vêrspalta. Han var fast journalist hjå Hallingdølen i mange år. No er han pensjonist og minst like interessert i nedbør og temperaturar som før, fortel redaktøren.
Denne månaden kunne Kjell Slåtten fortelje at vinteren 2017/18 faktisk var mildare enn normalt, i motsetnad til kva folk flest trur.