Over 800 av toppkandidatane til kommunevalet har svara på klimaundersøkinga. Svara kan brukast fritt av lokalavisene.
Undersøkinga er laga av Framtida.no i samarbeid med Landslaget for lokalaviser, Energi og Klima og ABC Nyheter. Mange lokalaviser har også bidrege med å sende ut spørsmåla til lokale kandidatar.
Fanaposten har laga sak basert på undersøkinga. Dei har mellom anna intervjua Høgre sin listetopp om partiet sine svake ambisjonar. Undersøkinga viste at Høgre i Bergen hadde lågare mål no enn i den «grøne strategien» som dei var med på å vedta for Bergen i 2016. Fanaposten har brukt Datawrapper til å lage søylediagram.
Høgre var generelt ikkje dei mest ambisiøse i undersøkinga, sjølv om Høgres Erna Solberg nyleg sa til NTB at kommunane bør ha ein ambisjon om lavutslepp og nullutslepp i framtida.
Vestnytt spurde bompengepartiet kvifor dei ikkje hadde svara, og fekk til svar at dei ikkje ønskjer å svare på miljøspørsmål. Vestnytt brukte Datawrapper til å presentere ein del av svara digitalt, medan papirdesken laga eit nytt oppsett for papiravisa. Sjå resultatet her.
Kva parti er mest ambisiøst i din kommune?
Til fri bruk for lokalavisene: Resultata frå undersøkinga og saker om dei nasjonale trendane.