Dalsnibba

Lokalavisene lukkast med reiselivssatsinga

I sommar satsa LLA og nesten 40 lokalaviser på stoff og annonser om og frå reiselivsnæringa. Slik fekk fleire aviser også meir erfaring med lyd og levande bilde på nett.

Det var vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) som i mai på kort varsel stabla på beina «Mitt ferietips landet rundt». Med gode innspel blant anna frå Hege Jakobsen Valde i Bømlo-nytt og andre lokalavisfolk, sydde vi saman ein pakke med ferietips og reiselivsannonser frå lokalavisene og lokale reiselivsbedrifter. Blant anna laga vi ferdige avissider med tekst, bilde og annonser som avisene trykte i fleire av papirutgåvene sine i juni og juli.

Samtidig lanserte vi nettsida «landet-rundt.no», som LLAs egen annonsesamkjøring Lokalavissamkjøringa har hatt domenenavnet til i mange år. Her serverte lokalavisene lokale reiselivstips gjennom tekst, bilde, annonselenker og ikkje minst; videoar. På den måten fekk lokalavisene trent enda meir på bruk av levande bilde på nett. Lokalavisene fekk nye erfaringar både med redaksjonelt innhald og teknisk produksjon for video-formatet.

Alt blei marknadsført gjennom lokalavisenes eigne nettutgåver og på Facebooksida «Mitt ferietips landet rundt».

Redaktør og dagleg leiar Tore Aarflot i lokalavisa Møre (til venstre på bildet over, saman med turkompis og forfatterkollega Frode Sætre) er éin av dei som hausta nye spennande erfaringar med reiselivssatsinga. Lokalavisa i Volda fekk med seg Volda Kommune og Volda Næringsforum i eit samarbeid der dei både laga innhald til «Mitt ferietips» – samtidig som dei utvikla eit trykt reiselivsmagasin og nettsida turistivolda.no. På den nye Volda-nettstaden publiserer dei også videosnuttar frå lokale foreningar, samtidig som lokalavisa sjølv legg ut blant anna drone-videoar.

Glad i video og drone

– Dette balla på seg etter at LLA drog i gang «Mitt ferietips». Nærast over natta etablerte vi også vår eiga reiselivsside som ein parallell til lokalavisene sitt samarbeidprosjekt. Mesteparten av teksten og bildene hadde vi jo laga tidlegare til det tradisjonelle reiselivsmagasinet vårt, men samtidig brenn vi for å bruke video og drone når vi kan. Dette blir jo meir og meir vanleg, sjølv om det tidvis kan vere ein del arbeid. Det er også viktig å følgje reglane, sjølv har vi hatt dronesertifikat i over fem år, seier Tore Aarflot.

– Når det gjeld videobruk til vår vanlege nettavis, bruker eg ofte bare mobilen medan eg legg inn kommentarar der og då ute i felten. Dermed er videosnuttane nesten ferdig når eg er tilbake på avishuset, seier Aarflot.

Lokalavisa Møre er også bevisste på å publisere innsendte videoar frå lesarane så snart som mulig. Og avisa har laga ei sone i nettutgåva der dei viser Volda og andre bygder i dekningsområdet sett frå lufta. Dette er gratis tilgjengeleg for alle som vil sjå. Målet er å byggja opp eit godt og spennande arkiv med videoar.

– Fekk dykk inn annonseinntekter på reiselivssatsinga?

– Ja, vi er veldig godt nøgde med annonsesalet, både på nett og papir. Dessutan fekk vi masse oppmerksomhet i lokalsamfunnet og i reiselivsbransjen. Det er jo aktivitet i lokalsamfunnet vi lever av, så vi må alltid skape noko nytt, seier Tore Aarflot.

Inspirerande og inntektsbringande

Også litt lengre sør og litt lengre ut i havgapet på Vestlandet, er det godt nøgde lokalavisfolk etter årets reiselivssatsing. Marknadsmedarbeidar Hege Jakobsen Valde i Bømlo-nytt (bildet under) er blant dei som fekk mest ut av reiselivsatsinga til LLA. Avisa hanka inn fleire sponsorar til video-innslaget sitt – og Bømlo-nytt selde også fleire lenker til lokale reiselivsbedrifter.

– Eg anslår at vi fekk inn ein plass mellom 80.000 og 100.000 kroner i annonseinntekter på dette reiselivssamarbeidet. Det var også inspirerande at bedriftene i dekningsområdet var veldig opne for nye og kreative løysingar i ei nokså tøff tid, seier Hege Jakobsen Valde. Ho gler seg også over at annonsørane på Bømlo melder tilbake at dei fekk god respons på marknadsføringa gjennom lokalavisenes «Mitt ferietips».

Valde trur at mange av oss vil feriere i Norge også neste sommar, og håper derfor at lokalavisene vil bygge vidare på reiselivssamarbeidet.