Lokalavisa bidrar til lokal handel med ny Instagram-konto

Hordaland Folkeblad er i gang med Instagramkontoen #bygdavrimmel. Slik vil lokalavisa by på seg sjølv og gi lokale butikkar større merksemd.

#bygdavrimmel er bokstavleg talt ein vrimmel av innlegg frå lokale butikkar, lokalavisas marknadsmedarbeidarar og andre små og daglege bilete og innlegg frå folk i Kvam og Jondal. Instagramkontoen er eit reint marknadsføringstiltak, ingen i redaksjonen er involvert.

– Vi deler butikkane sine eigne innlegg og vi legg ut bilete av ting vi sjølve har kjøpt, aktivitetar vi er med på, anten vi er heime eller ute på reise. Vi prøver å gjere dette litt inspirerande og leikent, det held ikkje å bare ta bilete av ei butikkhylle, seier dagleg leiar Camilla Skaar i Hordaland Folkeblad. Ideen og mesteparten av arbeidet er det avisas grafiske formgjevar Kristina Sofie Kvåle som står for. Camilla Skaar sjølv, og avisas annonsekonsulent Hilde Saxsæter, bidrar også i ny og ne. Trioen ser du på skjermdumpen frå Instagram.

– Kanskje vi også låner ut kontoen ei vekes tid til ungdomar i lokalmiljøet, så kan dei skape enda meir liv, seier Skaar.

#bygdavrimmel har etter eit par veker fått nesten 500 følgjarar, neste mål er å få minst 3000 følgjarar. Det viktigaste er å få følgjarar frå avisas eige nedslagsfelt, også hyttefolk.

Kvam og Jondal har rundt 10.000 innbyggjarar. I tillegg er det truleg minst 3000 hytter på Kvamskogen og elles i distriktet. Også utflyttarar kan ha interesse av Instagram-kontoen.

Hordaland Folkeblad skal ta seg betalt for å lage innlegg for bedrifter:

– Hvis ein kunde bestiller innlegg, må vi ta betalt for å planlegge, rigge, fotografere og poste, seier prosjektansvarleg Kristina Sofie Kvåle.

– Vi prøver oss fram. Uansett får vi kunnskap og erfaringar som gjer oss til betre rådgjevarar overfor lokale annonsørar. Vonleg bidrar vi også til meir lokal handel, seier Camilla Skaar.

– Korleis har responsen vore så langt?

– Vi har berre halde på eit par veker, men det vi har høyrt så langt, er positivt. Dette blir nok ikkje nokon kassasuksess, men vi når ut til den yngre garde og vi får nye erfaringar. Lokale butikkar og verksemder set også stor pris på det vi no gjer, seier Camilla Skaar.

Nokre døme frå #bygdavrimmel: