vtb-om-instagram1

Vil lære dei unge at dei er bra nok

Line Omland Eilevstjønn i Vest-Telemark blad skriv godt om Instagram-presset:

«Å vera ung i 2016 kan vera vanskeleg for mange. Og dyrt. Og tidkrevjande. Kva meiner dei unge sjølve om presset dei blir utsett for? Og kvifor har det endra seg så drastisk – også i bygdene – dei siste åra?
(…)
Me kan ikkje halde bloggarar og tynne jenter på Instagram ansvarlege for presset unge kjenner på. Me må halde oss sjølve ansvarlege. Me må vise dei at dei er meir enn bra nok, akkurat som dei er. Me må lære dei at alle har lov og rett til å vera akkurat som dei er, og at andre folk si meining om deg ikkje definerer kven du er som person. Og så må me kanskje lære dei ein ting eller to om appen «Facetune» (ein redigeringsapp som jamnar ut huda i andletet til det uattkjennelege).
Me i VTB vil gjerne vera med på å ta dette ansvaret. Vil du?»