Fanaposten-flom-forside

Sjekk korleis vatnet kan råke i framtida

Sjå korleis Grannar og Fanaposten har brukt kartet som viser kva bygningar og vegar som vil verte oversvømte av høgvatn og stormflo i framtida.

Sjå korleis Grannar og Fanaposten har brukt kartet som viser kva bygningar og vegar som vil verte oversvømte av høgvatn og stormflo i framtida.

Grannar skriv om korleis klimaendringane vil gje ein dramatisk auke i flaumfaren i Vikedal. Bygda er allereie vand med flaum, og avisa har vitja eit ektepar som er vande med at vatnet kryp opp til kjellaren deira når det er springflo i havet eller snøsmelting i fjella. Ved ei 20-årsflo i 2090, då det er forventa at havet vil ha stige med 64 centimeter, vil over tre kvadratkilometer og nær 2.000 bygningar i Vindafjord og Etne kommune ligge innafor oversvømt område. Sjå saka i Grannar.

Fanaposten skriv om Milde, der middels høgvatn i 2090 vil vere 71 centimeter høgare enn i dag. Journalist Terje Bringsvor Nilsen får denne reaksjonen når han viser framtidskartet til styremedlem i båtlaget Erik Birkeland: – Steike! Da vil man jo kunne kjøre båten helt inn i lokalet! Naustet vårt er ille ute med en slik havstigning. Båtlaget på Milde har allereie planar om korleis dei kan heve naustet, som dei gjerne vil ha i minst 90 år til. Sjå saka i Fanaposten.

Om du jobbar i ein kystkommune kan du heilt sikkert lage same saka. Ei ny teneste frå Kartverket viser at fleire hundre bygningar i kvar kystkommune i framtida vil bli oversvømte ved 20-årsstormflo. 

Bakgrunnssaka frå Framtida.no med forskarintervju kan du bruke fritt. Ved å oppsøkje nokre av dei som vil bli råka, får du case og ei lokal vinkling.

Her kan du finne havnivåendringa på kartet. Du får også opp talet på bygningar, kilometer veg og arealet som vil verte oversvømt ved middels høgvatn, 20-årsstormflo, 200-årsstormflo og 1000-årsstormflo. Kanskje får du nokre overraskingar når du ser kartet?

Verdt å undersøke lokalt:

  • Er det kjende bygg og viktige vegar som ligg i flaumutsett område?
  • Kor mange bustader er i risikosona?
  • Tillet kommunen framleis bygging i flaumområde?

Plan- og bygningslova pålegg kommunane å følgje dei nasjonale forventningane til kommunal planlegging. Der står det mellom anna at kommunane skal ta omsyn til klimaendringar og risiko i samfunns- og arealplanlegging og byggesakshandsaming. Kommunane skal sikre at det vert utarbeidd risiko- og sårbarheitsanalyser for utbyggingsplanar. Dei skal ta særleg omsyn til naturfarer og eksisterande og framtidige klimaendringar. Kommunen bør foreta konkrete vurderinger i kvar enkelt arealplan.

Stormflo

Når værets virkning på vannstanden er spesielt stor, kalles det stormflo. Dette skyldes som regel lavt lufttrykk og kraftig vind som presser vannet inn mot kysten. Dersom en stormflo faller sammen med en springperiode, kan man få ekstra høy vannstand. i en springperiode er tidevannet høyere fordi kreftene fra måne og sol virker i samme retning. Dette inntreffer omkring ny- og fullmåne.

Kilde: Veileder fra Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Mange kommunar må samstundes førebu seg på fleire nedbørsflaumar. Samtidig som havet stig, vert det også meir kraftig nedbør og auka problem med overvatn.

Her finn du bakgrunnssak til fri bruk om vêrvarsel for dei neste 80 åra.

Her finn du enkle faktaboksar med enkel grafikk som viser konsekvensane av klimaendringane i ditt fylke: Vel fylke her. Under fana «Venta endringar» finn de slik som denne for Møre og Romsdal (hugs å kreditere Norsk Klimaservice):

Med Fritt Ord-støtte har Framtida.no, Energi og Klima, ABC Nyheter og Landslaget for lokalaviser starta eit stort klimajournalistikk-prosjekt. Målet er å lage kritisk, undersøkande og opplysande klima- og miljøjournalistikk som når mange lesarar, både ungdom og vaksne, og setje dette på dagsordenen for å bidra til klimaløysingar lokalt.

Framtida.no og Energi og Klima skal laga artikkelseriar som blir tilgjengeleg til bruk i dei over 100 lokalavisene i LLA. Første delen av serien går inn på kva klimarisiko er, korleis vêret blir for dei ulike regionane og landsdelane våre og korleis dette påverkar alle sektorarar. Stoffet skal lagast slik at det skal vera mogleg for lokalavisene å finna lokale casar. Der me finn lokale tal, vil lokalavisene få desse.

Fleire aviser kan òg få gravehjelp til å laga god lokal journalistikk om lokal klimarisiko og klimaløysingar lokalt. Ta kontakt viss redaksjonen din har tips, erfaringar og særleg interesse av å jobba med dette prosjektet!

Dei første artiklane i artikkelserien «Lokal klimarisiko» inkl. fleire bilde og faktaboksar m.m. er no tilgjengelege for fri bruk i lokalavisene. Du finn dei her. Denne mappa blir oppdatert med fleire artiklar kvar veke.