Med 2012 på kalenderen kan vi endeleg sjå fram til eit av dei store høgdepunkta for lokalavisene: LLAs landsmøte!

Med 2012 på kalenderen kan vi endeleg sjå fram til eit av dei store høgdepunkta for lokalavisene: LLAs landsmøte!

I år er arbeidstittelen vår «fornuft & galskap» og bak den skjuler det seg eit ønskje om å sjå nærare på lokalavisene sin suksess – og kva som skal til for å halda på den sterke posisjonen vår. 

Sett av tid og stad alt no: Landsmøtet opnar klokka 11.00 fredag 20. april på Quality Hotel & Resort Kristiansand, i Sørlandsparken og like ved dyreparken, eit kvarters kjøretur unna Kjevik lufthavn. Dagen før dagen, klokka 16.00 torsdag 19. april, er det leiarsamling og formelt årsmøte i LLA. Vi håper å få sjå så mange som mulig også frå di avis også i år. Invitasjon og meir informasjon kjem seinare, både via epost og på nettsidene våre.

Men først: Årets aviskonkurransar. Er du klar for å få litt ekstra motivasjon og spenning i kvardagen? Lyst på heder og ære – eller å få avisa vurdert av dyktige bransjefolk? I så fall bør du og avisa di vera med på årets konkurransar for lokalavisene. Vi inviterer både til kappløp om årets lokalavis, markedsprisen, årets lokalavisfoto, LLAs journalistpris og årets lokalavisside. Du kan vera med i konkurransane uansett om du skal til det blide Sørland eller ikkje i april. 

Meir informasjon finn du under her. Skriv ut og snakk med dine kolleger.

LLA_konkurranseInvit2012

Frist for innsending er fredag 10. februar. 

Velkomen til Kristiansand – og velkomen til å vera med på årets aviskonkurransar. 

For meir informasjon om landsmøtet eller aviskonkurransane: 

Lene Østberg i LLA, lene@lla.no, dir tlf. 452 89 222