Val 2011: God valdeltaking

Valdeltakinga ser ut til å bli betre enn ved forrige kommuneval. Etter at så godt som alle stemmene er talt opp onsdag morgon, er frammøteprosenten 63,6. Det er ein framgong på 2,4 prosentpoeng samanlikna med forrige kommuneval.

I kommunevalet 1995 var frammøteprosenten 62,8
I kommunevalet 1999 var frammøteprosenten 60,4.
I kommunevalet 2003 var frammøteprosenten 59,0.
I kommunevalet 2007 var frammøteprosenten 61,2. Ein negativ trend blei altså brutt for fire år sidan.

FJORDABLADET Valvinnar: Venstre 44%, fram. 31%. Dette var i tråd med avisa si siste meiningsmåling (02.09.), der Venstre fekk 41,4 . Valtapar: Ap. Frå 26,5 % til 8,5 %. Valoppslutning: 71,4. Auke frå 2007 med 7. Beste oppmøte i Eid på svært mange år. I 2007 var oppmøte 64,1%. I 2003, 61%. Valoppslutninga viser at den jobben som lokalavisa har gjort i samband med dette valet faktisk har gjort store utslag. seier redaktør Tormod Flatebø. Frå venstre: Inger Træen, Yngve Tolaas, Maria Hjelle, Anna Wuttudal, Tormod Flatebø og Anne Tykhelle.

I årets kommuneval ser frammøteprosenten ut til å bli rundt 63,6. Framgangen frå forrige valg held altså fram, sjølv om den er mindre enn mange venta etter terroraksjonane 22. juli i år.

LLA oppdaterer alle valgtala utover veka.

Uansett: I to år, og særleg det siste året, har LLA og lokalavisene arbeidd for å auka lesarane og veljarane si interesse for lokaldemokratiet. Gjennom det såkalla Ung & engasjert-arbeidet har LLA stått bak ei rekkje aktivitetar som vonaleg har bidratt til stor merksemd rundt årets kommunestyre- og fylkestingsval. Mange lokalaviser har rydda spaltemeter etter spaltemeter til avisstoff om lokal politikk, engasjement og kommuneval. Unge listetoppar har fortalt om kvifor dei kastar seg inn i lokalpolitikken, førstegongsveljarar har blitt intervjua om tru og tvil, avisene har saumfart partiprogram av alle fargar, overraskande meiningsmålingar har skapt store overskrifter og lokale folkemøte i avisene sin regi har trekt folk ut av sofakrokane. Også markedsmedarbeidarane i lokalavisene har bretta opp ermene i forkant av årets val: Den siste tida har avisene, lokale verksemder og organisasjonar stått saman om heilsides annonser der folk blir oppfordra til å bruka stemmeretten sin.
– Vi er imponerte over alt lokalavisene har gjort i forkant av årets val. Vi gler oss stort over bredden og mengden i avisstoffet som er trykt i avisene. Særleg det siste året har trøkket vore sterkt, seier Helen Frøyseth og Geir K. Hus i LLAs Ung & engasjert-arbeid. Dei håper og trur at det sterke valarbeidet til lokalavisene har engasjert lesarar i alle aldrar og at dette også har bidrege til at folk i desse dagar har gått til stemmeurnene.

LLA sitt viktigaste bidrag har vore lokalavisene sin idèbank, der vi har vist fram gode eksempler, lagt ut inspirerande saker frå inn- og utland og løfta fram alt som kan gjerast i god tid før sjølve valet. Inni mellom det løpande idèbank-arbeidet har vi mellom anna arrangert valkonferanse, trykt idéhefter, valkalender, valavis, videointervjua valforskar Frank Aarebrot, laga lesarkonkurransar, kjørt meiningsmålingar og dratt i gang ein større annonsekampanje for å bruka stemmeretten. I samarbeid med Avis i Skolen, Mediebedriftenes landsforening og Stortingets informasjonsseksjon står vi også bak eit spenstig elevhefte for vidaregåande skule.

Saman med Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) har vi invitert ungdom til å fotodokumentera korleis kvardagen deira er i valåret 2011.

Om eit par veker avsluttar vi val-delen av Ung & engasjert-arbeidet med ei informasjonsbrosjyre om lokalavisa og politikken. Denne sender vi til alle dei 200 kommunane der det kjem ut ei lokalavis tilknytt LLA. Her fortel vi litt om lokalavisene sitt samfunnsengasjement og kva rammer lokalavisene arbeider innanfor. Last gjerne ned ei pdf-fil av brosjyren her: Nynorskversjon og bokmålsversjon.

– Det er først utover vinteren vi får på bordet ein grundig gjennomgang og evaluering av lokalavisene sitt arbeid med lokaldemokratiet og årets val, men alt tyder på at LLA-avisene kan vera stolte over arbeidet sitt, seier Helen Frøyseth og Geir K. Hus i Landslaget for lokalaviser.

Les NTB-intervju med Frank Aarebrot om valdeltakinga her.

Sjå ei anna nrk.no sak om valdeltakinga her.
For meir informasjon om Landslaget for lokalaviser, lokalavisene og vårt Ung & engasjert-arbeid:

Geir K. Hus, prosjektleiar, geir(krøllalfa)lla.no, dir. tlf. 452 89 333
Helen Frøyseth, prosjektmedarbeidar, helen(krøllalfa)lla.no, dir. tlf. 452 89 555
Rune Hetland, generalsekretær, rune(krøllalfa)lla.no, dir. tlf. 452 89 444

Materiell og linkar til LLA-avisene:

Ny etter valget-annonse: LLA-avisene kan no trykka vår heilt nye etter valget-annonse, der vi gir ros til folk som brukte stemmeretten sin, og der vi ikkje minst fortel om lokalavisene sitt engasjement før og etter valet. Annonsa er ei fin avrunding av lokalavisene si sterke valkampdekning, samtidig som annonsa altså inviterer folk til å framleis følja godt med gjennom avisa si.

Annonsa kan brukast ein eller to gonger i veke 37 og/eller 38. Annonsa er laga som heilside og du får den både på nynorsk og bokmål, i svart/kvitt og i farge. Legg gjerne inn avisa di sin eigen logo til venstre for LLA-logoen.

Last ned materiellet her:

Etter valget-annonse, nynorsk, farge
Etter valget-annonse, nynorsk, svartkvitt
Etter valget-annonse, bokmål, farge
Etter valget-annonse, bokmål, sorthvitt

 

På www.valgresultat.no finn du alle resultata for alle kommunar i Norge

Sjå også videointervju med professor og valekspert Frank Aarebrot. I siste intervjuet og i plakaten vår, får avisene tips og råd om korleis du også kan dekka dagane etter valet. Link til Aarebrot-saka i LLAs idébank.

Til slutt minner vi om at LLAs idébank kvar veke byr på nye eksempler, tips og idear til stoff- og markedstiltak i avisene. Idébanken skal drivast vidare også etter årets val, der avisene fortsatt skal få inspirasjon til engasjerande stoff for lesarar i alle aldrar. Velkomen inn i idébanken her.