Lokalavisene bør skjermast frå kuttet i produksjonstilskottet

LLA ber om at lokalavisene blir skjerma frå kutta i statsbudsjettet. Avisene står no framføre ein enda viktigare jobb med god journalistikk rundt flyktningproblematikken.

RuneHetland_LLA

LLAs generalsekretær Rune Hetland (bildet) kommenterer denne vekas budsjettforlik slik:

– I ei tid der flyktningane skal integrerast i små og store lokalsamfunn rundt om kring i landet, er det viktig at lokalavisene har ressursar til å utøve god journalistikk om flyktningproblematikken. Dette er viktig nettopp for å bidra til god integrering og forståing mellom flyktningane og folk elles i nærmiljøet. Det er lokalavisene som er fellesarena der flyktningane skal koma og bu i kvardagen. Difor må lokalavisene skjermast for kuttet i ramma for produksjonstilskott, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA).

Hetland framhevar at dei mange lokalavisene berre får rundt 25 prosent av samla produksjonstilskott.

Kvar enkelt lokalavis får berre nokre hundre tusen kroner. Det er på tide å få på plass minstesatsar, altså eit anstendig gulv i støtta for dei minste avisene.

– Kuttet på 10 millionar kroner må tas mest frå dei som får mest, seier Rune Hetland.

Rune Hetland seier at han og LLA no vil ta kontakt med medlemmene i familie- og kulturkomiteen på Stortinget med håp om at lokalavisene blir skjerma frå kuttet neste år.

Bakgrunn:

I sitt første utkast til statsbudsjett, føreslo regjeringa at produksjonsstøtta skulle stå på staden kvil. Dette ville vere til å leve med for lokalavisene, sjølv om det strengt tatt også innebar nedskjering i lys av inflasjon og høgare kostnader. Med grunngjeving i høgare flyktningskostnader, føreslo regjeringa litt seinare å kutte produksjonsstøtta med 15 millionar kroner. Etter forhandlingane mellom regjeringa og samarbeidspartia, blei kuttet litt mindre, men framleis vil regjeringa ta 10 millionar kroner frå ramma som går til produksjonsstøtte til avisene.

Samiske aviser har fått to millionar kroner meir.

Kva som skjer med plattformnøytralt momsfritak er i skrivande stund uvisst, men i opprinneleg forslag til statsbudsjett var innføringa tidfesta til 1. mars.

 

For fleire kommentarar:

Rune Hetland, LLA, mobil 452 89 444, rune()lla.no

Budsjettavtalen mellom regjeringspartia og støttepartia, kan du blant anna laste ned her frå Venstres nettsider.

(Saka oppdatert torsdag 26. november klokka 09.30)