Ny direktør for Medietilsynet

Kulturdepartementet har tilsett Mari Velsand som direktør for Medietilsynet.

Mari Velsand blir ny direktør i Medietilsynet, opplyser Kulturdepartementet i ein pressemelding. Foto: Amedia

Mari Velsand blir ny direktør i Medietilsynet, opplyser Kulturdepartementet i ein pressemelding. Foto: Amedia

Medietilsynet spelar ei viktig rolle i utforming og iverksetting av den norske mediepolitikken. Mari Velsand tar over leiarjobben etter Tom Thoresen. Velsand kjem frå Amedia, der ho har vore konserndirektør sidan 2014.

– Det er veldig hyggelig å få ein direktør med så god kunnskap om mediebransjen. Eg er sikkert på at vi får til eit godt samarbeid, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.

Velsand har lang erfaring frå mediebransjen. Ho har vore journalist i Oppland Arbeiderblad (1987-1990), programdirektør, distriktsredaktør, redaksjonssjef, vaktsjef og journalist i NRK (1992-2008), konsernsjef i Tun Media (2012-2013) og sjefredaktør og dagleg leiar i AS Nationen (2008-2013).