Må vera null-moms på redaksjonelt innhald

LLA ser ingen grunn til å fråvike prinsipp: 0-moms på redaksjonelt innhald på alle plattformer. Det meiner LLAs styre i ein uttale 19. juni.

I alle offentlege utgreiingar der media si rolle blir drøfta, blir den store samfunnsmessige og demokratiske funksjonen streka under. At staten skal leggje til rette for ein offentleg debatt er slått fast i Grunnlova, og paragraf 100 vart for få år sidan revidert for å styrka ytringsfridomen. Dette er  hovudargumentet for at avisene i si tid vart fritekne for meirverdiavgift. Samfunnet legg til rette for at ytringsfridomen skal vera reell ved å ikkje legga moms på det frie ord og slik gjera det lettare for eit mangfald av ytringskanalar, der avisene framstår som grunnpilarane. Saman med produksjonstilskotet er momsfritaket sjølve fundamentet for det unike avismangfaldet som er i landet vårt, ikkje minst ved ein flora av lokale fådagarsaviser. Dei spelar ei uvurderleg samfunnsrolle både i sine lokalsamfunn og samla sett for landet.

Det må vera politisk grunnlag for å vidareføre hovudlinjene i ein mediepolitikk som har vore ein suksess og gitt så gode resultat. Å setja momsfritaket i spel er å ta sjansar, og kan føra til uopprettelege skadar. Prinsippet om at staten ikkje skal leggje avgift på redaksjonelt innhald på papir, må vidareførast  og sjølvsagt også gjelde for digitale distribusjonsformer. Dette er eit altfor viktige prinsipp til at det kan overlatast til skattejuristar i ulike skatteregionar. Sjølvsagt ser vi at det i praksis må til visse avgrensingar, men hovudprinsippet må vere null meirverdiavgift uansett distribusjonsform.

Her det viktig å ha prinsipp som er eintydige og enkle å forholda seg til både for avisene og styresmaktene. Momsfritaket må vidareførast, samstundes som den digitale utviklinga gjer at det er heilt nødvendig at det blir lik moms på papir og digitale plattformer. Like rammevilkår på dei ulike plattformer står òg sentralt i det arbeidet som nå blir gjort med å fornye forskriftene for produksjonstilskot. 

Landslaget for lokalaviser (LLA) deler frustrasjonen over at bransjen haltar vidare med eit avgiftssystem som er vanskeleg å praktisere, og som slår ulikt ut for dei ulike distribusjonsformene. Vi er sjølvsagt også glade for at det blir brukt energi på å tenkje nytt og på å finne fram til løysingar. Men vi synest det er svært vanskeleg å fråvike prinsippet om at staten ikkje skal leggje avgifter på redaksjonelt innhald. 

Norge er, og ønskjer å vera, eit foregangsland i demokratiutvikling, som er ein føresetnad for skapa varig fred og stabilitet. Då er tilrettelegging av reell ytringsfridom gjennom eit mangfald av mediekanalar ein avgjerande føresetnad. Spesielt i ei tid der vi ser at mange av dei fundamentale verdiane i vårt demokrati blir utfordra rundt oss, også i land nær oss, bør vi som nasjon heva fana høgt; blant anna ved at avisene framleis må ha nullsats på moms på redaksjonelt samfunnsinnhald både på papir og digitale publiseringskanalar. Så viktige prinsipp bør ikkje bli lagt i den økonomiske vektskåla. 

For nærare opplysningar eller kommentarar:

Ståle Melhus, styreleiar i Landslaget for lokalaviser, tlf. 982 17 445

Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, tlf. 452 89 444.