Akseptabel portoauke for dei fleste avisene

Frå 2013 endrar Posten produkt- og prismodellen for avisdistribusjon. Endringane er akseptable for dei fleste avisene, og for vekeavisene er det svært positivt at alle nå kjem inn under samme produkt som alle andre aviser.

– Postutvalget til avisbransjen har hatt ein god prosess med Posten om endringane, og våre synspunkt er tatt alvorleg, seier Gunnar Kvassheim i Dalane Tidende, som er leiar for utvalget til avisbransjen.

– Den samla prisendringa er akseptabel og på linje med kostnadsutviklinga, men ei rekkje aviser vil få større prisauke. Desse vil Posten raskt ta kontakt med for å sjå om det er tiltak avisene kan gjera for å redusera auken, seier Kvassheim.

Rune Hetland, som representerer LLA i postutvalget, er spesielt glad for at samtalane med Posten har gitt ei langsiktig løysing for vekeavisene.

– Vi har i mange, mange år arbeidd for at vekeavisene skal vera med i samme produkt- og prismodell som alle andre aviser. Dette har vi endeleg fått på plass, seier Hetland. 

Gitt dei føresetnader som ligg til grunn for Postens simulering av priskonsekvenser på kundenivå, blir det for 2013 ein samla prisauke på rundt 1,4 % for tenesta “Aviser til abonnenter”. Priskonsekvensen vil avhenge av den enkelte avis sitt volum, mix og tilretteleggingsgrad.

Her finn du meir informasjon om produkt- og prismodellen.