Off piste – Historier frå Hemsedal

“Eg blei født i 1961. Mor mi var på veg til Hønefoss for å føde, men kom ikkje lenger enn til sjukestugu på Gol. Da hadde eg det einsamt, og ville ut. Etter det vart eg berre kalla for Sputniken”
Slik startar reportasjen Ola Fix, på trykk i Hallingdølen laurdag. For å få eit innblikk i resten av livet til Ola Lien: sjå hallingdolen.no

Fotoreportasjen Ola Fix stod på trykk i Hallingdølen laurdag 2. april og er ein av fem reportasjar i serien “Off piste – Historier frå Hemsedal” som vil koma på trykk i Hallingdølen framover. Det er Sindre Thoresen Lønnes (27) som står bak serien, som er eit multimedialt reportasjeprosjekt han gjer under fotoutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Det vil si at ein kombinerer papiravisa med ein multimediareportasje på Internett i ei samansetjing av stillbilete, video og lyd. For å få heile opplevinga av reportasjen, må ein difor lese avisa og sjå videoen på hallingdolen.no

Sindre Thoresen Lønnes gjekk til topps under Årest bilde 2010 i kategorien Årets video. Sjå vinnarvideoen surfemamma her.