Fleire idear på det blide Sørland…

Gode lokalavisvenner landet rundt: Klar for enda meir idéutveksling? Det blir det nemleg meir av under LLA og lokalavisene sitt landsmøte i Kristiansand i april. Då møtes lokalavismedarbeidarar frå store deler av landet til idé- og erfaringsutveksling, foredrag, fagkurs, gjeve prisutdelingar og sosialt samvær med folk som har omtrent samme kvardag som deg sjølv.

Siri Lill Mannes (bildet) skal leia oss gjennom opningssesjonen, der vi skal få svar på kva lokalavisene bør gjera for å framleis vera ein suksess!

Før det blir helg, må vi ha inn påmeldingane til årets landsmøte. Vi håper at vi får sjå så mange som mulig av dykk i Sørlandsparken i april.

Ta turen til LLAs nettsider for meir informasjon og påmeldingslink:
Trykk her for landsmøteinvitasjon

Beste helsing styre og sekretariat i Landslaget for lokalaviser