Styringsgr samararb journ sept 2023 a

Fritt Ord bidrar med 3 mill til LLAs arbeid med samarbeidande journalistikk!

Fritt Ord går inn med tre millionar kroner i LLA og lokalavisenes arbeid med samarbeidande journalistikk. Dermed kan LLA i dag søke etter redaktør for vår nye samarbeidsdesk.

Mange små skal lage stor journalistikk saman! Det er visjonen for Landslaget for lokalaviser (LLA) si nye og store satsing på samarbeidande journalistikk. Grunnarbeidet er godt i gang, blant anna søkes det i dag etter ein redaktør som skal drive fram avisenes satsing på undersøkjande lokaljournalistikk. Målet er at arbeidet skal vise godt att i avisene om nokre månader.

Frå før av har Medietilsynet løyvd 3,6 millionar kroner til Vest-Telemark blad og 70 andre aviser i LLA-familien. Denne grunnfinansieringa for samarbeidande journalistikk blir no styrka med ytterlegare tre millionar kroner frå Stiftelsen Fritt Ord til LLA over dei neste tre åra!

Grethe Gynnild-Johnsen er LLAs prosjektleiar. Til liks med styreleiar Øystein Øygarden og generalsekretær Tomas Bruvik, er Gynnild-Johnsen svært glad for at også Fritt Ord no blir med på spleiselaget:

– Tre millionar kroner frå Fritt Ord bidrar til å sikre drifta av prosjektet. No søker vi etter redaktør og eg håper at vi før jul kan avklare kven som får denne spennande jobben, seier Gynnild-Johnsen. Ho fortel også at arbeidet i prosjektet er godt i gang. Om ei veke skal den første work-shopen med potensielle samarbeidspartnarar gjennomførast i Bergen.

– Etter denne samlinga håper eg at vi kjem ut med det første konkrete journalistiske arbeidet. Sjølv om desken vår ikkje er oppe og står før på nyåret, har vi et sterkt ønske om å kome i gang med det journalistiske arbeidet så snart som mulig, seier Grethe Gynnild-Johnsen.

Øystein Øygarden, Vest-Telemark blad sin redaktør og styreleiar i LLA, gler seg også over at ein ny stein i grunnmuren er på plass:

– Fritt Ord-løyvinga er også eit kvalitetsstempel. Løyvinga deira viser at LLAs nye satsing vil løfte lokalavisjournalistikken i Norge. Arbeidet vårt skal jo vare i fleire år. Med tilsagnet frå Fritt Ord får vi no større og betre langsiktighet i arbeidet, seier Øygarden. Det skriv også LLAs generalsekretær Tomas Bruvik under på. Han er svært glad for at arbeidet med samarbeidande journalistikk får ny energi:

– Vi har jobba mykje med finansiering i høst. Det arbeidet held fram. At Fritt Ord skyt inn pengar, er ei viktig tillitserklæring på vegen. Dette prosjektet skal bli godt for lokalavisene i Norge, avrundar Bruvik.

Arbeidet med etableringa av ein samarbeidsdesk er ei oppfølging av den store suksessen med «Den store folkevandringa», som 70 lokalaviser, NRK, Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og LLA stod bak for eit par år sidan.

Under bildet er meir om vårt arbeid med samarbeidande journalistikk og etableringa av ein felles desk for lokalavisene.

LLAs styringsgruppe for samarbeidande journalistikk: Frå venstre Lillian Holden i Hallingdølen, Arve Uglum i Sogn Avis, Tomas Bruvik i LLA, Grethe Gynnild-Johnsen i LLA, Per Christian Magnus i Senter for undersøkende journalistikk og Øystein Øygarden i Vest-Telemark blad. Også Eva Salhus Winther i Saltenposten er med i gruppa.

Stor glede: Lokalavisene kan starte samarbeidende journalistikk

Desk for samarbeidande journalistikk