Øystein Øygarden LLA 2

Stor glede: Lokalavisene kan starte samarbeidande journalistikk

Lokalavisene og LLA har fått på plass første steg for ei gruppe som skal jobbe med samarbeidande journalistikk. Det er klart etter at Medietilsynet i dag har løyvd 3,6 millionar kroner til Vest-Telemark blad og 70 andre lokalaviser sitt prosjekt «samarbeidande datajournalistikk».

Med innovasjonsstøtta frå Medietilsynet, ligg det til rette for ei sterk kvalitetsheving i dei minste lokalavisene gjennom bruk av datajournalistikk. Gruppa skal drive fram idear, research, kjeldearbeid og datadreven journalistikk. Slik kan lokalavisene følgje opp med eigen skreddarsydd og lokalt vinkla journalistikk i dekningsområda sine. Gruppa skal vera pådrivarar, inspiratorar og koordinere samarbeidet mellom lokalavisene.

Det er Vest-Telemark blad og 70 andre aviser som står bak søknaden om innovasjonsmidlane frå Medietilsynet, men også Landslaget for lokalaviser (LLA) skal ha eit sterkt grep om gjennomføringa. Det er i tråd med søknaden og retningslinjene for innonvasjonsmidlane, der det heiter at «nyheits- og aktualitetsmedium kan samarbeide med andre i prosjektet, til eksempel bransjeorganisasjonar».

Både redaktør Øystein Øygarden i Vest-Telemark blad (t.v.) og LLAs generalsekretær Tomas Bruvik er svært glade for at arbeidet med samarbeidande journalistikk kan starte opp:

– God og grundig journalistikk er ein føresetnad for levande lokalsamfunn, fungerande lokaldemokrati og engasjerte innbyggjarar. No skal vi vise at lokalavisene kan samarbeide om innovativ lokaljournalistikk, som skal gjere lokalsamfunna enda bedre å bu, jobbe og leve i.

Inspirert av folkevandringsarbeidet

Planane om samarbeidande journalistikk blei først presentert på lokalavisenes landsmøte i Tromsø nyleg. Då kom det fram at LLA ønskjer å starte eit nytt prosjekt med fire til fem journalistar som skal jobbe med felles research og datajournalistikk for dei over 100 avisene i LLA-familien.

Det er det tidlegare journalistikkprosjektet «Den store folkevandringa» som inspirerer lokalavisene til å løfte samarbeidande journalistikk til nye høgder – med enda større ambisjonar og over lengre tid. Folkevandringsprosjektet var i 2020 og 2021 eit pionerarbeid mellom nærare 70 lokalaviser, NRK, Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og LLA. Takka vere dette samarbeidet laga lokalavisene og NRK over 700 saker om flyttestraumar og føresetnader for levande lokalsamfunn. Unge stemmer blei løfta enda meir fram i lokalavisene på nett og papir. På mange måtar var dette eit av dei største lokaljournalistiske samarbeidsprosjekta i Europa! I fjor delte kulturministeren ut ein gjev nyskapningspris til prosjektdeltakarane.

Også i desse dagar samarbeider fleire av LLAs medlemsaviser om journalistikk. Saman med Investigate Europe, SUJO og LLA lager avisene journalistikk om plastkrisa i Europa. Lokalavisene får fram kva som skjer med plastemballasjen som vi kastar heime. Amund Trellevik i Investigate Europe, uttalte nyleg til Journalisten.no at dette er internasjonalt nybrotsarbeid.

LLA gler seg også over at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett la 2,5 millionar kroner på bordet til SUJO – for at dei skal hjelpe lokalavisene med å lage meir og bedre journalistikk rundt årets lokalvalg. Også dette arbeidet skal gjerast i tett samarbeid med LLA. Per Christian Magnus i SUJO uttalte dette til Kampanje.com då ekstrabevilgninga var klar:

– Vi har mye i emning, og når dette kommer nå, så kan vi kaste en kompostbøtte over rosebedet, seier Magnus til Kampanje.com.

Dyrke god journalitikk og levande lokalsamfunn

Øystein Øygarden, Tomas Bruvik og resten av LLA-familien kan i dag jubla over at oppfølginga av noverande og tidlegare samarbeid rykker stadig nærare, og at lokalavisenes samarbeid ikkje berre skal gå over nokre veker og månader, men dyrkast over lengre tid:

– Framleis er vi avhengig av å få fleire samarbeidspartnarar med på laget – for å finansiere det journalistiske arbeidet over minst tre år. Løyvinga frå Medietilsynet til Vest-Telemark blad og lokalavisene er første steget på vegen, men vi arbeider aktivt for å få med oss også andre som er opptatt av levande lokalsamfunn, lokaldemokrati og sterke lokalaviser. Målet er å få mesteparten av finansieringa på plass i løpet av hausten, slik at vi kan jobbe godt, grundig og samanhengande med prosjektet og journalistikken fram mot LLAs jubileumslandsmøte på Voss i april 2026. Deretter er målet at samarbeidande journalistikk skal kunne bli eit fast og varig del av av LLAs arbeid.

– Er det andre som kunne tenkt seg å delta i finansieringa av prosjektet, er vi opne for samtalar med fleire, seier Øygarden og Bruvik. Dei trur også at satsinga på samarbeidande journalistikk vil gjere det enda meir interessant å jobbe i lokalavisene:

– Omdømmet til lokalavisene vil bli betre. Dermed blir det venteleg meir attraktivt også for nyutdanna journalistar å søke jobb i avisene våre. La oss også nemne at LLA fram mot jubileumslandsmøtet i 2026 ønskjer å arrangere ein lokalavisstafett, også det for å synleggjere kor viktig det er med redaktørstyrte og uavhengige lokale aviser. I tillegg skal LLA truleg gi ut ei bok for å vise fram det mangfaldige lokalavislandet.

– Alt handlar om å dyrke god journalistikk, slik at vi framleis kan ha levande og gode lokalsamfunn for innbyggjarane landet rundt. Lokalavisene og LLA har mykje å sjå fram til dei neste åra. Dagens nyhende om innovasjonsmidlar til lokalaviser som skal samarbeida, er ein flott start, seier Øystein Øygarden og Tomas Bruvik.

– Innovasjonsstøtten skal gjøre det enklere for små, lokale medier å digitalisere og fornye seg, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet, på eigne nettsider i dag:

På Medietilsynets nettsider er alle prosjekta som får innovasjons- og utviklingsstilskot no.

Her kan du lese meir om lokalavisene og LLAs arbeid med samarbeidande journalistikk:

Journalisten.no, frå landsmøtet, om prosjektet

Medier24.no, frå landsmøtet, om prosjektet

Journalisten.no, om internasjonalt samarbeid og plastikkprosjektet

LLAs egen landsmøteartikkel om samarbeidande journalistikk

Kampanje.com om ekstra støtte til SUJO og journalistikk om årets kommunestyreval

Medier24.no om forrige store samarbeidsprosjekt; Den store Folkevandringa

Journalisten.no om folkevandringsprosjektet

LLAs generalsekretær Tomas Bruvik: – Lokalavisene skal samarbeide om innovativ lokaljournalistikk, som skal gjere lokalsamfunna enda bedre å bu, jobbe og leve i.