Stortinget med klar melding til regjeringa. Kan komme tiltakspakke for mediebransjen etter påske

Dei fleste partia på Stortinget ber regjeringa vurdere ei kompensasjonsordning for mediene. Det betyr at det etter påske kan kome tiltak som gjer det meir leveleg også for lokalavisene.

Medieorganiasjonane møtte kulturministeren fredag utan at det kom lovnader om ein tiltakspakke for mediene. No har Stortinget bede regjeringa om å ta tak i utfordringane til mediene. Foto: Eira Lie Jor, Medier24.no

Alle partia på Stortinget, bortsett frå Framstegspartiet, har no bede regjeringa og kulturministeren om å sette i verk tiltak som kan avhjelpe mediebransjen i dei vanskelege tidene vi er inne i. Dermed er LLA og dei øvrige presseorganisasjonane eitt viktig skritt nærare ein tiltakspakke for avisene og resten av mediebransjen.

Den nokså tverrpolitiske formuleringa lyder slik:

«Stortinget ber regjeringen vurdere en egen kompensasjonsordning bedre tilpasset medienes spesielle inntektsstruktur og raskt komme tilbake til Stortinget med forslag om dette».

Kva dette fører til i konkret handling, gjenstår å sjå i vekene etter påske, men LLAs generalsekretær Tomas Bruvik helsar den klare oppfordringa velkomen:

– Dette er hyggeleg nyhende før vi går inn i påskedagane. No skal vi stå på framover og jobba for gode løysingar som kjem oss alle til gode, seier Bruvik.

Det er blant anna tapet av store annonseinntekter, samstundes som det knapt aldri før har vore så viktig å ha ein oppegåande mediebransje, som er bakgrunnen for at bransjen sjølv og no dei fleste partia på Stortinget ber regjeringa om å vurdere ei ordning som kan avhjelpe mediene.

Les meir om saka på Medier24.no og Journalisten.no.

Med dette ønskjer LLA alle lokalaviser og avisvenner ei fredfull påske.

– Vi skal framleis stå på for gode løysingar, no er vi litt nærare målet, seier LLAs Tomas Bruvik.