Kulturminister Abid Raja forstår lokalavisenes utfordringar, men vil vente med eigen tiltakspakke for mediebransjen. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet.
Det var i dag fredag at LLAs generalsekretær Tomas Bruvik fekk møte kulturminister Abid Raja – saman med dei øvrige presseorganisasjonene, altså MBL, NJ, Norsk Redaktørforening, Norsk Presseforbund, Fagpressen og Norsk forbund for lokalradio. Presseorganisasjonene har lenge vore tydelege på at mediebransjen treng fleire avhjelpande tiltak frå regjeringa. Seinast i går gjekk LLA ut med nye tal som viser store tap av annonseinntekter og dermed permitteringar i lokalavisene.
– Dagens møte med kulturminister Abid Raja var nyttig fordi vi fekk understreka den alvorlege situasjonen lokalavisene og mediebransjen står midt oppi. Blant anna minna eg Raja om at det aldri har vore større behov for lokal journalistikk enn no, samstundes som store deler av annonseinntektene sviktar. Det er ei kritisk tid både for dei små og store lokalavisene i LLA-familien, seier Tomas Bruvik etter dagens møte. Han forventar framleis at kulturministeren og regjeringa etter kvart vil kome med konkrete tiltak for mediebransjen.
Med seg fekk LLA og dei andre presseorganisasjonane meir heimelekse frå statsråden: Kulturdepartementet vil ha enda meir dokumentasjon frå mediebransjen, blant anna om konsekvensane i annonsemarkedet. Kulturministeren vil også ha litt lengre tid på seg til å sjå korleis tiltakspakkane for næringslivet som alt er lagt på bordet, vil virke for mediebransjen.
– Også vi i LLA og lokalavisene bidrar sjølvsagt med det som skal til. Eg reknar derfor med at vi må ha inn meir tal og dokumentasjon frå avisene våre. Det gjer vi truleg i samarbeid med Medietilsynet, seier Bruvik.
Her kan du lese Medier24.no si sak frå dagens møte med kulturministeren.
Kampanje.com omtaler møtet her.
Og her er Journalisten.no si sak frå samtalane.
Kultur- og likestillingsminister Abid Raja er med på pressekonferansen som regjeringa skal ha klokka 16.00 i dag fredag 3. april. Du kan følge den her på regjeringas eigne nettsider.
Her kan du lese meir om tiltakspakken som regjeringa la fram tidlegare denne veka.
Presseorganisasjonenes sjefer hos kulturministeren i dag. Foto: Eira Lie Jor, Medier24.no.