Har du den rette bakgrunnskunnskapen, blir det lettare å stille dei kritiske spørsmåla til kandiatane. På dette webinaret får du tips om kvar du kan finne lett tilgjengelege fakta om skule og opvekst i din kommune. Du får også konkrete forslag til spørsmål til politikarane.
I tillegg får du høyre korleis lokalavisa Lister har jobba med det konfliktfylte spørsmålet om skulestrukturen i Lyngdal.
Med:
- Sten Tore Svennes i analyseselskapet Agenda Kaupang, som har bakgrunn som rektor og kommunalsjef for oppvekst og kultur. Her finn du pdf av Svennes sin presentasjon.
- Redaktør Svein Morten Havaas i lokalavisa Lister. Her finn du pdf av Havaas sin presentasjon.
Arrangementet er del av satsinga Lokalavisenes valg 23, eit samarbeid mellom Senter for undersøkende journalistikk (SUJO), Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL). Her finn du informasjon om andre arrangement.