LLA-sekretariat ser fram til både høstens og neste års arrangement, blant anna jubileumslandsmøtet på Voss i april.
LLA-sekretariat ser fram til både høstens og neste års arrangement, blant anna jubileumslandsmøtet på Voss i april.

God sommar. Vi gler oss også til høsten!

LLA takker alle våre medlemsaviser og bransjevenner for godt samarbeid så langt i år. Når vi er tilbake for fullt i august, inviterer vi blant anna til høstens lokalavis-konferanse; Lokal & digital frå torsdag 23. oktober. Alt no byr Samarbeidsdesken på ein researchpakke om høstens Stortingsvalg.

LLA-sekretariatet er på veg inn i «sommardvale», men vi er alltid tilgjengeleg for haste-saker som ikkje kan vente til august. Her finn du kontaktopplysningane våre.

Før vi logger av, minner vi om alt som er på gang:

Samarbeidsdesken til LLA, SUJO og NRK har sydd saman ein nyttig researchpakke for å løfte fram unge stemmer før Stortingsvalet. Vi byr på lokal statistikk og konkrete forslag til korleis avisene kan få fram fleire unge stemmer. Alt i dag torsdag 26. juni klokka 14.30 inviterer Samarbeidsdesken til eit halvtimes idéutveksling på Teams. Pakken er midt i blinken også for avisa sine sommarvikarar! Ta kontakt med prosjektleiar Laila Borge på laila@lla.no hvis avisa ikkje alt har fått invitasjon til idédugnaden og den nye researchpakken.

LLAs Lokal & digital-konferanse blir i år på Pressens hus i Oslo sentrum. Vi ønskjer avisene våre velkomen frå ettermiddagen torsdag 23. oktober. Opningsforedraget starter klokka 18.00 den dagen. Resten av det faglege programmet blir frå klokka 09.00 til 14.00 fredag 24. oktober. Meir info og påmelding kjem i august, foreløpig informasjon finn du i arrangementskalenderen vår.

I august/september opnar vi også for påmelding til neste års store begivenhet; LLA og lokalavisenes jubileumslandsmøte på Voss. Vi inviterer til kom saman-kveld på Hangurstoppen torsdag 23. april 2026, offisiell landsmøteopning blir på Scandic Voss fredag 24. april klokka 11.00.

Dei av dykk som reiser via Oslo er hjarteleg velkomen om bord på «Avistoget» ca klokka 12.00 torsdagen. Då har vi reservert vår eiga vogn på VY Bergensbanen, med mini-foredrag og kultur-innslag i løpet av togturen til Voss. Litt seinare på dagen blir det også felles buss-transport frå Bergen Flesland lufthavn. På grunn av transport- og hotelavtalane må vi ha påmeldingane til neste års landsmøte alt i september i år. Foreløpig jubileumsinformasjon her.

Vi gler oss stort til alt saman. Enn så lenge; Ha ein god sommar.