Firdaposten er mellom avisene som har vore med bossbilen. Nedst i teksten finn du pdf av reportasjen. Foto: Arne Hjorth Johansen
Firdaposten er mellom avisene som har vore med bossbilen. Nedst i teksten finn du pdf av reportasjen. Foto: Arne Hjorth Johansen

Slik følgjer lokalavisene plastens reise

Sjå korleis lokalavisene har følgt plastemballasjens reise frå han blir søppel heime på kjøkkenet, til han mellom anna hamnar på resirkuleringsanlegg i Tyskland.

Tekst: Laila Borge

Dei siste vekene har lokalavisjournalistar vist korleis privatpersonar kildesorterer under kjøkkenbenken. Nokon har vore med born på søppelplukking i naturen. Dei har vore med på bossbilar og vist korleis sjåførane kjapt ser om det er for mykje feilstortering i plastsekkane.

Dei har besøkt sorteringsanlegg og vist korleis plastavfallet blir sortert og pakka for vidare frakt – og nokon har fått sjå stagediving i ferdigsortert søppel. Dei har funne tal frå plukkanalysar som viser kor flinke folk lokalt er til å sortere. Nokon har besøkt forbrenningsanlegg og sett korleis ein del av plasten går på bålet ilag med anna restavfall.

Dette har blitt gode lokale reportasjar, som sett saman med saker frå Investigate Europe viser plastemballasjens reise frå kjøkkenbenken og ut i verda.

Sakene er dei første i ei rekkje planlagde saker i prosjektet Europas plastkrise, eit samarbeidsprosjekt mellom Investigate Europe, LLA og Senter for undersøkende journalistikk (SUJO).

Firdaposten har fått laga ei eiga samleside for alle sakene dei publiserer i prosjektet.

Her kan du sjå nokre døme på dei første sakene:

Ságat: Bli med på plastens reise: Fra Bente i Porsanger til Tyskland

Lister: Hvor blir det av plastavfallet?

Firdaposten: – Skulle vi berre teke med oss sekkar som er perfekt sortert, kunne vi nesten ikkje ha teke med oss noko

Avisa Hordaland: Her startar ei lang reise for plasten