Øystein Øygarden LLA 6

– Aldri har lokalavisene vore viktigare

I ei vanskeleg tid i heile verda meiner LLAs styreleiar Øystein Øygarden at lokalavisene aldri har vore viktigare. Han påpeiker at samfunnsmessig viktig innhald må koma alle innbyggjarar til gode.

Kulturdepartementet har vore i kontakt med LLA, der vi har fått spørsmål om korleis praksis er med opne og lukka saker i samband md korona-viruset som får ein del spalteplass både i nasjonale-, regionale- og lokale aviser. Dette blir og debattert flittig i mange kommentarspalter på sosiale medium

I eit kort svar har LLA skrive at vi oppmodar avisene om at samfunnsnødvendig innhald som alle bør ha informasjon om bør vera ope. Elles er dette og ein periode der avisene kan gå inn i ei tid med vanskeleg økonomi. Avisene kan ikkje gje all journalistikk om temaet vekk utan betaling.

LLA har snakka med nokre av styremedlemmene i LLA, for å høyra kva råd dei vil gje lokalavisene og korleis dei løyser dette i sine respektive aviser.

Øystein Øygarden, som også er redaktør i Vest Telemark blad, seier dei legg reine liv- og helsesaker opne, i tillegg til viktig informasjon frå kommunen.

– Vi viser og til at folk kan gå innpå offentlege sider og finna informasjon.

Øygarden seier dei opplever at ein del meiner alt innhald bør vera ope, men det blir feil.

– Det vi er ute og lagar journalistikk på, må vi ta betalt for.

Elles så har vi passa på at alle tilsette ikkje er på kontoret samstundes, og bruker heimekontor så mykje som mogleg, seier Øygarden.

Elles er det viktig å hugsa på at lokalavisene er viktigare enn nokonsinne.

– Bruk dei digitale flatene så godt de kan til å halda innbyggjarane informerte med god lokalavis-journalistikk, oppmodar Øygarden.

Viktig for dei unge

Styremedlem Knut Martinsen i avisa Hemnes seier at dei køyrer ope dei allment viktige sakene.

– Vi har nok litt fleire opne saker enn vanleg. Martinsen påpeiker og at lokalavisene no kan visa også eit yngre publikum kor viktig lokalavisa er.

Hyppig informasjon avgjerande

Nestleiar i LLA og redaktør i LLA, Tone Sidsel Sanden, opplyser at alt som handlar om viktig informasjon frå kommunen og nye smittetilfelle blir lagt ope på nett. Det vi tenker alle må vita om legg vi ut ope, slik at alle kan lesa dette. Eg tykkjer det er riktig å ha ein god del stoff ope. Samtidig kan vi ikkje ha alt ope, og vi lukker sakene der vi er ute og lagar journalistikk i lokalsamfunnet, seier Sanden. Dølen innførte alt onsdag denne veka heimekontor, noko som går heilt fint.

– Det er viktig at vi følger det som skjer raskt på nett. Om vi er på heimekontor eller kvar som helst så kan vi fortløpande oppdatere digitalt. I ein situasjon som dette viser vi kor viktige lokalavisene er, og at vi må vera på heile tida, seier Sanden.