Eit felles samfunnsansvar

“Det har blitt sagt minst hundre gonger før; skal vi bevare lokale tilbod må vi bruke dei. Det er sjølvsagt. Det kan likevel virke som om vi ikkje tenker over kor viktige brikker vi sjølv er i det store spelet (…) Er det ikkje då på tide å for alvor vedgår at vi har store utfordringar, og heller slå oss saman og finne gode løysingar som kan tene fellesskapet i staden for å krangle om kva som er rett og galt?”
Utdrag frå leiaren i Ryfylke, 1. juni

Viktige ord på leiarplass frå Ryfylke, etter oppslaget om kaféen i sentrum som måtte stengja dørene fordi for få nytta seg av tilbodet.
– Dette er eit tema som har blitt diskutert mange gongar, i mange samanhenger her i Sauda, og det er stadig like aktuelt. Vi skriv om denne utfordringa, handelslekkasje, jamnleg og kjem garantert til å ta det opp igjen, seier Linda M. Lie, redaktør, LL Ryfylke.

Les heile saka og leiaren som vedlegg