OsogFusa-utdanning

Mange usikre på skule- og yrkesval

1. mars er søknadsfristen for vidaregåande skular. Mange er framleis usikre på kva dei skal velje, skriv Os og Fusaposten.

I desse dagar er vidaregåande opplæring eit heitt tema i mange heimar. Rådgjevaren på Os ungdomsskule fortel til Os og Fusaposten at det først er no dei siste vekene før søknadsfristen at mange av elevane verkeleg begynner å bli opptekne av skule- og yrkesval. Foreldra blir oppmoda til å ta kontakt med rådgjevaren i september, men også dei ventar til siste liten med å ta kontakt.

Ordinær søknadsfrist til vidaregåande opplæring er 1. mars. Ordinær søknadsfrist for høgare utdanning er 15. april. 

Sjå også bladet Tysnes sine temasider om utdaning.

Her kan du sjå døme på utdanningssaker frå i fjor frå avisene Øy-Blikk, Vestavind, Nye Troms og Avisa Lofoten.