Hardanger-Folkeblad_Hardanger-i-Japan-4

Fann lokale saker i Japan

Då journalist Synnøve Nyheim i Hardanger Folkeblad var i Japan, fann ho japanarar med sterk interesse for Hardanger.

Då journalist Synnøve Nyheim i Hardanger Folkeblad var i Japan, fann ho japanarar med sterk interesse for Hardanger.

Før ho drog til Japan, googla Synnøve Hardanger og Japan. Slik fann ho ut om Rio Yamase, ein kjend klassisk fiolinist i Japan som har inkorporert hardingfela i musikken sin. Rio Yamase vier mykje tid på å formidla hardingfela og norsk kultur i Japan. Gjennom henne fekk Synnøve også kontakt med ein japansk mann som restaurerer hardingfeler og ei kvinne som syr hardangersaum.

Til alt overmål har Hardanger folkehøgskule ei linje som heiter «cosplay og Japan». Dermed kunne Synnøve lage ein større reportasje om norsk kultur i Japan og vice versa.

Skal du ut og reise? Dersom du har mulighet til å ta ein dag eller to ekstra, kan det vere kjekt å lage ein sak frå staden du er. Synnøve Nyheim anbefalar å leite etter relevante saker på Google og Facebook, søke på stikkord, og sjekke i eige avisarkiv.

– Då kan ein til dømes finne gamle saker om lokale bedrifter som har etablert seg i det landet ein skal til, eller andre lokale folk som av ein eller annan grunn er der, og besøke dei, foreslår ho.

Nordmenn som har budd på staden du skal til veit heilt sikker mykje om andre nordmenn på staden. Visst det finst eit norsk handelskammer der, ein norsk klubb, ei sjømannskyrkje eller misjonærar, kan dei også ha gode tips.