Når dei har parkert vogna, riggar dei seg til med laptopar og kaffi. Vogna er nett stor nok til at to mann kan sitje der og produsere avisa, men dei håpar å bli forstyrra i arbeidet. Målet med det mobile redaksjonskontoret er nemleg å treffe fleire folk, få gode tips og selje nokre abonnement.
– Før pandemien var det kanskje 15 personar innom redaksjonen i veka. No er det ofte berre to, seier redaktør Torstein Sønstabø i Vestnesavisa, som håpar at det nye stuntet skal gje dei ny kontakt med lesarane.
Fleire tips
Vestnesavisa har vald å parkere campingvogna utanfor daglegvarebutikkar. Butikkeigarane har vore positive.
Etter å ha besøkt to bygder, har Sønstabø møtt fleire lesarar enn på lenge. Han har åtte-ti nye tips på blokka.
– Det er ikkje dei største sakene, men typisk namn på nokon som vi bør ta ein prat med. Desse tipsa hadde vi nok ikkje fått elles, seier han.
Hittil har dei ikkje fått selt abonnement frå campingvogna, men med ein ny rabattkampanje håpar Sønstabø at også salet av abonnement vil ta seg opp.
På rundgang
Det er Tvisyn AS som eig vogna. Tanken er at vogna skal gå på rundgang blant avisene som Tvisyn eig; Vestnesavisa, Øyblikk, Midsundingen, Aukranytt, Østhavet, Malviknytt, Avisa Lofoten og Hustadvikingen (50%).
Avisene kan ha mobilt kontor, men også bruke campingvogna ved ulike arrangement.
Planen er å pusse opp campingvogna, foliere ho og ha dei ulike avisene sine logoar på metallplater som dei lett kan byte om.