Skreddarsydde kurs for lokalavisene

LLA skreddersyr praktiske kurs for lokalavisene. I desse dagar er vår nye kursbrosjyre på plass i avishusa. Eitt år fram i tid kan du no planleggja avisa sine kursaktivitetar.

Etter at lokalavisene har henta heim ny inspirasjon, ny kunnskap og nyttige erfaringar frå årets landsmøte, er det klart for nye rundar med fagkurs rundt om kring i landet:

I slutten av mai kan du på Gardermoen få med deg grunnkurs i nyhendegrafikk. Dagskurset gir avisene opplæring i grunnleggjande journalistiske verktøy for å visualisera nyhendene.

Ei veke ut i juni tilbyr vi to kurs rett etter kvarandre; Torsdag 6. juni handlar det om å behandla bildene enda betre – og fredag 7. juni kan du bli betre på formgjeving av annonsar. Begge desse kursa er i Bergen.

Både for grafikkurset på Gardermoen og dei to Bergenskursa har vi no opna for påmelding.

I språkåret 2013 tilbyr dessutan LLA språkgjennomgang av avisene, særleg for aviser på nynorsk og aviser med blanda målformer.

Sjekk kurstilbodet vårt på LLAs nettsider, der du også kan lasta ned den ferske kursbrosjyren vår:

https://lla.no/kurs/