Lene Rune Geir

LLA flytter litt nærare Pressens Hus

I dag måndag 2. september flytta Landslaget for lokalaviser (LLA) inn i midlertidige kontorlokale. Vi er fortsatt i Kvadraturen i Oslo, men enda litt nærare det som skal bli Pressens Hus.

LLAs tre faste medarbeidarar på vår nye midlertidige takterasse i Tollbugata 8 B: Frå høgre Lene Østberg, Rune Hetland og Geir K. Hus. Våre prosjektmedarbeidarar Laila Borge og Tomas Bruvik kjem etter i neste veke.

Vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) skal flytte to gonger i løpet av to år. I dag flytta vi inn i midlertidige lokale i kontorfellesskapet Spaces Kvadraturen. Både gate- og postadressa er Tollbugata 8 B, 0152 Oslo, og vårt midlertidige kontor ligg knappe 300 meter frå der vi har vore dei siste åra. Også Mediebedriftenes Landsforening (MBL) flytter inn i same kontorhotell i desse dagar.

Og som alltid; våre dører er alltid opne, og vi setter stor pris på besøk frå lokalavismedarbeidarar som måtte vere på tur i hovudstaden.

Her finn du meir om Spaces Kvadraturen som vi flytta inn i 2. september.

Om eit og eit halvt år, i februar 2021, flytter vi 100 nye meter, til det som skal bli Pressens Hus. Då skal stort sett alle presseorganisasjonane, NTB, Institutt for Journalistikk, Faktisk.no og SKUP samlokaliserast, blant anna for å synleggjere journalistikken enda meir. Litt meir om Pressens Hus kan du lese om i Medier24 og her på LLAs nettsider.

Vi gler oss til alt saman som skjer dei neste par åra, og ønskjer alle medlemsaviser og lokalavisvener hjarteleg på gjensyn her og der.