I lengre tid har presseorganisasjonane jobba med å finne ein felles samlingsstad i Oslo. Denne veka er innstillinga klar; Skippergata 22-26 bør bli til Pressens Hus.
Dersom styrene i alle organisasjonane velsigner planane i løpet av den neste månaden, flytter Landslaget for lokalaviser (LLA) og dei fleste andre av presseorganisasjonane inn i eit felles hus i slutten av 2020. Også NTB og Institutt for Journalistikk blir venteleg med.
Eitt av dei viktigste måla med eit Pressens Hus er å synleggjere journalistikken. I Skippegata skal det bli utstillingar, debattar og andre arrangement for lesarar, publikum og mediene sjølve. I tillegg til eit større fagleg miljø, blir det for presseorganisasjonane praktisk og kostnadseffektivt å vere på samme adresse.
Pressens Hus skal også vere ein naturleg samlingsplass for folk i lokalavisene og andre medier som av og til er på tur til hovudstaden. Sannsynlegvis blir det gjestekontor og mulighet for ein matbit i ein kafé i huset. I nabogården ligg alt i dag eit hotel. Pressens Hus blir liggande knappe fem minuttars gange frå Oslo S og Flytogterminalen.
Gårdeigar er Aspelin Ramm og dei skal renovere og innvendes bygge heilt om dei to bygårdane i Skippergata 22-26. Aspelin Ramm er også kjent for å vere ein av utbyggjarane bak Astrup Fearnley Museet på Tjuvholmen i Oslo.
Følgjande presseorganisasjonar vil venteleg ta plass i Pressens Hus årsskiftet 2020/2021:
Mediebedriftenes Landsforening
Landslaget for lokalaviser
Fagpressen
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Institutt for journalistikk
Norsk Telegrambyrå
Faktisk.no
SKUP
I tillegg vil truleg Norsk Journalistlag bli med i fellesarealene for å synleggjere journalistikken gjennom debattar og liknande.