LLA deler ut årets lokalavisprisar 18. juni

Fredag 18. juni kårer LLA Årets lokalaviser. Då deler vi også ut andre gjeve prisar til lokalavisene.

– Vi hadde lenge håpa at vi kunne få heidra og feira lokalavisene i mars, men vi hadde strengt tatt ikkje noko val; i lys av lokale smitteutbrot og den svært uoversiktlege situasjonen måtte også vårt arrangement flyttast, sa styreleiar Øystein Øygarden (bildet) i Landslaget for lokalaviser (LLA) for eit par månader sidan. No ser både styret og sekretariatet i LLA fram til å dele ut gjeve lokalavisprisar, på den eine eller andre måten, fredag 18. juni.

– Vårt ønskje er at når prisane først skal delast ut, skal nokre av vinnarane kunne reise til hovudstaden og ta imot heder og ære på ein flott og minnerik måte. I tillegg har vi oppfordra alle andre aviser til å delta i markeringa gjennom å lage lokale arrangement på eigne avishus for alle medarbeidarane sine. Det er kjekt å høyre at fleire aviser alt no har planlagt interne markeringar. Målet er å vise fram grunnfjellet av medie-Norge når LLAs avisprisar først blir delt ut, seier Øystein Øygarden.

Framleis kan ikkje LLA samle avisfolk i Oslo, men vi håper og trur at det blir mulig å samle ein del prisvinnarar når vi kjem til 18. juni.

Også LLAs generalsekretær Tomas Bruvik gler seg over at samfunnet er i ferd med å opne opp, sjølv om det framleis er ein veg å gå, særleg i hovudstaden.

– Vi vil uansett svært gjerne ha med lokalaviser frå store deler av Norge på markeringa, aller helst på Hotel Christiania Teater før sommarferien. Vi lovar dessutan at vi skal kaste like mykje glans over 2019-vinnarane som 2020-vinnarane. Vi gjer ikkje forskjell på åra, vi snakker blant anna om «Årets lokalaviser» når prisane omsider blir delt ut.

– Samtidig er vi inneforstått med at det framleis kan vere restriksjonar og smitteutbrot også i juni. Vi er likevel optimistiske, vi håper og trur at det om kvelden 18. juni er rom for å endeleg dele ut velfortente prisar til dei beste lokalavisene i Norge – på den eine eller andre måten, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden og generalsekretær Tomas Bruvik.

Øygarden og Bruvik oppfordrer alle LLAs medlemsaviser om å snart avgi sin stemme i konkuransen om Årets lokalavisside. Det kan avisa gjere her.

Uavhengig av korleis smittesituasjonen blir utover, har LLA-styret for lengst bestemt at årets formelle årsmøte blir gjennomført digitalt, akkurat som i fjor. Årsmøtet blir på nett torsdag 17. juni, altså dagen før prisutdelinga.

Det samme døgnet som det formelle årsmøtet på nett, og prismarkeringa i Oslo, ønskjer LLA også å lage ein fagdag om lokalavisene, der politikarar og andre beslutningstakarar skal bli enda bedre kjent med lokalavisenes kvardag og betydning for folk. Fagdagen for inviterte gjester blir sannsynlegvis på Pressens hus torsdag 17. juni.

Her kan du lese litt meir om prismarkeringa og LLAs oppfordring om å ha eigne lokale arrangement for sine tilsette.