jul2015

Godt nytt avisår

Landslaget for lokalaviser ønskjer medlemsaviser, forretningsforbindelser og samarbeidspartnarar eit godt nytt år. Her finn du litt om det som skjer i det nye året:

jul2015

Norsk Opplagskontroll inviterer til kurs i opplagsberegning i Bergen 12. januar eller i Oslo 14. januar. Sjekk gjerne også Opplagskontrollens egne nettsider.

LLAs markedssamling er 28. og 29. januar. Då skal LLAs medlemsaviser henta digital inspirasjon i Gøteborg. Samlinga er fullteikna, men meir informasjon finn du her. Vi ønskjer alle 50 deltakarar hjarteleg velkomen.

LLAs landsmøte er frå fredag 15. april. Då møtes vi på Scandic Fornebu. Vi har opna for påmeldingar og håper så mange som mulig av våre avisvenner kjem til Fornebu til våren. Meir informasjon og påmeldingsskjema finn du her.

I april kårer vi også Årets lokalavis og deler ut ei handfull andre prestisjefulle prisar  til lokalavisene. Vi oppfordrer alle LLAs aviser om å bli med i årets aviskonkurransar for lokalavisene. Fristen for å sende inn bidrag er 31. januar. Her kan du lese meir om aviskonkurransane for lokalavisene.

Ikkje minst skal LLA fortsatt arbeide for å gjere kvardagen og rammevilkåra til lokalavisene så gode som mulig. I 2016 skal vi mellom anna bidra til å få avgiftsfritaket på redaksjonelt innhald på plass. Vi skal også kjempa vidare for andre gode og nødvendige rammevilkår for lokalavisene.

Vi ser fram eit fortsatt godt samarbeid.

Godt nytt år.

Beste helsing styret og sekretariatet i Landslaget for lokalaviser