Det er minst tre gode grunnar for å delta i LLAs konkurransar:
Heider og ære gir hyggeleg og nyttig merksemd i lokalmiljøet
Prisane gir ekstra motivasjon blant avisas medarbeidarar
Det blir enda meir spennande å delta på landsmøtet når avisa også er med i aviskonkurransane.
Landslaget for lokalaviser oppfordrar derfor alle våre medlemsaviser om å delta i konkurransane som no er opna for innsending: Årets lokalavis, Markedsprisen, Årets lokalavisfoto, LLAs journalistpris og Årets lokalavisside. Dessutan lanserer vi ein ny konkurranse; Årets digitale satsing. Her leitar vi etter gode digitale historier, videoinnslag, animasnonar, grafikk eller andre måtar å gjere lokalavisas innhald spennande på nett, mobil eller andre digitale plattformer.
I tillegg til den nye prisen, styrker vi jurykommentarane til avisutgåvene som blir sendt inn i konkurransen om Årets lokalavis. Alle som deltar, vil få litt fleire kommentarar frå juryen. Dermed bør det bli enda meir interessant å delta i Årets lokalaviskonkurranse, uavhengig om avisa når heilt til topps eller ikkje. Og uavhengig om ein deltar på landsmøtet eller ikkje.
Ta utfordringa og bli med! Aller siste frist for innsending med epost eller Posten/Bring er no lørdag 6. februar.
Her får du detaljane om den enkelte konkurranse. Sjå nederst i artikkelen for litt fleire konkurransereglar som gjeld for alle kategoriane.
Årets lokalavis
LLAs Årets lokalavis-konkurranse er truleg den mest grundige og komplette lokalaviskonkurransen i Norge! Juryen vurderer både form og innhald i utvalde papiraviser, men ser også på avisas digitale innhald og uttrykk. Avisa di kan bli Årets lokalavis både med og utan sterk nettsatsing.
I år styrker vi jurykommentarane til avisutgåvene som blir sendt inn i konkurransen, slik at avisa uansett har nytte og glede av å vere med i konkurransen om å bli Årets lokalavis.
Praktisk: Send inn følgande papirutgåver frå 2015: Veke 11 og veke 44. Aviser med fleire utgåver i veka, sender inn siste utgåve frå veke 11 og 44. I tillegg sender alle aviser inn éi valfri avis frå ei valfri veke.
Send alt til Landslaget for lokalaviser, Kongens gate 14, 0153 Oslo. Hugs å sende inn 4 eksemplar av papirutgåvene! Merk konvolutten med Årets lokalavis.
Årets digitale satsing
Ny pris: No vil LLA kåre beste lokale digitale innslag eller satsing gjennom 2015. Konkurransekategorien er nokså vid, men vi leitar etter gode digitale historier, videoinnslag, animasjonar, grafikk eller andre måtar å gjere lokalavisas innhald spennande for lesarane – på nett eller mobil eller andre digitale plattformer.
Praktisk: Send kort omtale og link med historia eller tiltaket til
lene@lla.no. Maks 3 bidrag per avis. Merk e-posten med Årets digitale satsing.
Markedsprisen
LLAs markedspris blir tildelt den avisa som har gjort det beste marknadstiltaket eller annonsekampanjen gjennom året. Aktiviteten bør ha ført til hyggelege inntekter til avisa eller løfta avisas langsiktige omdømme i nærmiljøet og blant annonsørane. Juryen ser særleg etter tiltak som har gjort lokalavisa til ein enda meir attraktiv mediekanal og samarbeidspartnar i lokalmiljøet.
Praktisk: Send kort presentasjon, inkludert eksempel, av marknadstiltaket, gjerne som pdf-fil, til lene@lla.no, eventuelt med posten til Lands-
laget for lokalaviser, Kongens gate 14, 0153 Oslo. Maks 3 tiltak per avis
Årets lokalavisfoto
LLAs fotopris skal oppmuntre til betre fotojournalistikk i lokalavisene. Vi leitar etter bilde eller videoinnslag som fangar merksemda og gjer ei god historie enda betre. Juryen står fritt til å dele ut prisen til bilde i papiravisa eller bilde eller videoinnslag på nett.
Praktisk: Send inn bilde, eller link til videoinnslag, til lene@lla.no. JPG-filene må vere maks 5 megabyte per bilde og dei skal merkast med namn på avis og fotograf, til dømes:
Lokalavisa_AnneHansen_1. Kvar journalist/fotograf i kvar avis kan delta med opp til 3 bilde.
LLAs journalistpris
Journalistprisen blir delt ut til ein journalist eller lokalavis som har utført samfunnsoppdraget på ein eksemplarisk måte. Juryen ser etter saker som er eit eksempel til etterfølgelse for journalistikken i avisbransjen. Avisa kan delta både med enkeltsaker eller artikkelserie.
Praktisk: Send inn eiga grunngjeving/omtale og eksempel på saka eller artikkelserien. Bruk helst e-post lene@lla.no. Dersom bidraget blir sendt i posten til Landslaget for lokalaviser, Kongens gate 14, 0153 Oslo, må vi ha 3 eksemplar av kvart bidrag. Maks 3 bidrag per avis (er utegløymt i pdf-invitasjonen).
Årets lokalavisside
Denne prisen vert delt ut for å oppmuntre til god avisdesign. Avisa kan bidra både med nyhetsside, reportasjesider eller førsteside. Juryen plukkar ut minst fem finalebidrag. Deretter stemmer landsmøtedeltakarane fram Årets lokalavisside.
Praktisk: Kvar avis kan delta med opp til 3 bidrag kvar. Send desse til Landslaget for lokalaviser, Kongens gate 14, 0153 Oslo. Vi må ha 3 eksemplar av kvart bidrag.
Generelt for alle konkurransane:
Juryen for kvar pris deler ut éin hovudpris og opp til to hederlege omtaler. I Årets lokalavisside-konkurransen er det berre hovudpris.
Det kostar 800 kroner å delta i Årets lokalavis-konkurransen og 500 kroner for kvar av dei andre prisklassane. Det er same pris uansett kor mange bidrag som blir sendt inn i kvar klasse.
Alle bidrag må ha blitt publisert eller gjennomført i løpet av kalenderåret 2015.
Felles frist for alle konkurransane: Lørdag 6. februar 2016. Alle prisar blir delt ut på LLAs landsmøte i april. Avisa kan sjølvsagt delta i alle konkurransar uavhengig av om ein deltar på landsmøtet eller ikkje.
Alle LLAs aviser vert oppfordra til å delta. Desto fleire som er med, jo meir spennande og ærefulle blir konkurransane!
Statistikken viser at både små og store aviser i LLA-familien som oftast er mellom finalistane når våre gjeve prisar blir delt ut. Og prisane blir lagt godt merke til i nærmiljøet. Også for avisas eigne medarbeidarar er naturleg nok heider og ære noko som gjer godt i kvardagen. Dette uttaler nokre av fjorårets vinnaraviser:
Tomas Bruvik, Kvinnheringen: – Ein solid dose inspirasjon!
Magne Kydland, Sunnhordland: – Det er alltid moro å vinna prisar, og ikkje minst er dette god indremedisin i bedrifta i ein elles travel kvardag.
Bjarne Tormodsgard, Hallingdølen: – Å vinne prisar bygger stoltheit, både hjå lesarane og i avishuset.
Eirik Palm, Svalbardposten: – Vi er bare fem ansatte her nord, og det betyr mye for oss at vi hevder oss i et land med så mange gode lokalaviser. Å få hederlig omtale inspirerer til å gjøre jobben enda bedre.
Asta Brimi, Fjuken: – Etter å ha laga lokalavisa Fjuken i 27 år er det gjevt å få denne utmerkinga. Den er eit prov på at vi gjer ein god jobb og til stor inspirasjon i redaksjonen.
Dersom du har spørsmål om årets aviskonkurransar, kan du ta kontakt med Lene Østberg i LLA-sekretariatet: Dir. tlf. 452 89 222 eller lene()lla.no
Her kan du laste ned informasjonsarket om avisprisane (pdf-format)
Påmeldingane også til landsmøtet må vi ha i desse dagar. Les meir om landsmøtet her.