Landslaget for lokalaviser (LLA) har nyleg gjennomført ei spørreundersøking blant sine over 110 medlemsaviser. Rundt halvparten av avisene har svart. Når LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet) ser på resultata, får han inntrykk av at heller ikkje lokalavisene er over kneika. Tvert om:
– Eg er uroleg over det som kjem fram i LLAs ferske spørreundersøking. Det er nokså dramatisk når over 25 prosent av avisene rapporterer at dei har minst 25 prosent nedgang i annonseinntektene, seier Bruvik. Ein del aviser har dessutan folk som framleis er permitterte.
Over 50 prosent av avisene som er med i LLAs medlemsundersøking seier at dei har mista 10 prosent eller meir av annonseinntektene.
Artikkelen held fram under illustrasjonen med svarfordelinga:
Avisene har samanlikna første kvartal i år med første kvartal 2020. Samfunnet blei som kjent nedstengt i midten av mars i fjor og lokalavisenes annonsefall gjekk brått nedover mot slutten av den månaden. Også den siste tida har mange lokalsamfunn vore nedstengte.
Også Institutt for reklame og medier (IRM) la nyleg fram ferske markedstal. Gjennom heile fjoråret tapte avisene i Norge 13 prosent av annonseinntektene på papir og nett samanlikna med 2019. Trykt dagspresse mista litt over ein fjerdedel av annonseinntektene. Det store fallet skuldast delvis pandemien, delvis den digitale overgangen. IRM seier i sin ferske års- og prognoserapport at den digitale overgangen har skutt fart som ein følgje av pandemien. Alt i alt er dagspressens digitale inntekter er større enn inntektene på papir.
– Til tross for tøffe tider, ser og høyrer vi at mange lokalaviser er flinke til å skape nye annonse- og lesarinntekter. Ein del aviser kan til og med rapportere om større annonseinntekter enn vanleg, seier LLAs Tomas Bruvik, og legg til:
– Samtidig leverer alle lokalavisene nyttig og livsviktig informasjon til innbyggjarane i heile Norge, nærast døgnet rundt. Opplagstala som nyleg blei lagt fram, viser at informasjonsbehovet er stort i bygder, tettstader og bydeler landet rundt, seier Bruvik.
– Heldigvis har LLA etter mange års kamp klart å få politisk gjennomslag for eit kraftig løft i produksjonsstøtta til lokalavisene. Aviser med opplag under 6000 fekk ei kjærkomen og etterlengta vekst i støtten. Medlemsundersøkinga tyder på at det var nettopp dette løftet som gjorde at mange lokalaviser har klart seg brukbart det siste året.
– Veksten i produksjonsstøtta som LLA fekk kjempa gjennom var rett nok ikkje meint som ei krisestøtte, løftet skulle mellom anna bidra til omstilling og vekst. Heldigvis er det tydelege politiske signal om at lokalavisene framleis skal prioriterast. Når samfunnet opnar att til hausten, vil vi vonleg sjå at lokalavisene klarer seg bra også i framtida, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik.