Etter at korona-pandemien slo inn over landet i fjor og festar seg i stadig nye lokalsamfunn i år, har også dei aller fleste lokalavisene fått kjenna på ein ny kvardag. På godt og vondt. Lesarane betaler gjerne for viktig og god lokal journalistikk, samtidig som mange aviser har mista store annonseinntekter. Alt i alt har mange små lokalaviser klart å landa på beina, delvis fordi dei har kutta kostnader og jobba fram nye inntekter, delvis fordi produksjonsstøtta blei løfta akkurat i tide før pandemien slo ut. Akkurat det siste er Landslaget for lokalaviser (LLA) sin pressepolitiske rådgjevar Rune Hetland svært glad for. På bildet over, som blei tatt før koronapandemien, er han i Stortinget saman med LLAs generalsekretær Tomas Bruvik då mediestøttemeldinga blei vedtatt.
– Ja, den fine auken som kom i produksjonsstøtta i fjor, kom akkurat i tide til å redda mange lokalaviser. Løftet har vore ei lang og tøff kampsak for oss i LLA. Bakteppet er at innbyggjarane i heile Norge skal få nyttig og viktig journalistikk frå lokalavisene. Ofte kjem avisene våre ut i relativt næringsfattige distrikt utan ein stor handelsstand med mange annonsørar. Produksjonstilskotet er derfor heilt avgjerande for at små lokale aviser kan ha nok journalistiske ressursar til å utføra samfunnsoppdraget, seier Rune Hetland. Han gler seg derfor stort over at dåverande kulturminister Trine Skei Grande kom til LLAs landsmøte for to år sidan og la fram regjeringa si satsing på lokalavisene. Kampen som tillitsvalde og tilsette i LLA hadde gjort over mange år blei krona med eit løft i støtta til lokalavisene.
I fjor auka dermed produksjonsstøtta til lokalaviser som til dømes Birkenesavisa og Gjesdalbuen frå 520.000 til 820.000 kroner. Steinkjer-avisa gjekk opp frå 330.000 til 620.000 kroner. Avisene i Nord-Norge får enda meir, til dømes gjekk Østhavets støtte opp frå 850.000 til 1,3 millionar kroner. Heile lista ligg på Medietilsynets nettsider.
– Når alt kjem til alt er det jobben som lokalavisene gjer kvar dag som legg grunnlaget for gjennomslaga våre. Medarbeidarane i avisene levererer kvar dag god journalistikk på nett og papir.
– Og dette har dei som bestemmer fått med seg?
– Ja, det er kommunane som leverer dei fleste velferdtenester til folk og enda fleire har fått opp augo for at innbyggjarane må ha ei god lokalavis for at lokaldemokratiet skal fungere. Vi må ha lokalavisene for å sjå makta i korta, men ikkje minst for å kunne gi folkeopplysning, informasjon, sveise folk saman og skape identitet i lokalsamfunnet. Lokalavisene er også nyttige som annonsekanal for offentlege kunngjeringar og lokal handel. Innsatsen som lokalavisene gjer er blitt tydelegare og tydelegare for politikarane.
– Vi oppfatter at det er brei politisk enighet om at lokalavisene fortener løftet i produksjonsstøtta og at lokalavisene skal prioriterast også i åra som kjem, seier Rune Hetland når han rett før påskeferien tar eit blikk i korona-speilet.
– Nytten av den auka produksjonsstøtta kunne vel heller aldri ha vore større enn akkurat det siste året?
– Takka vere løftet, og kutt i kostnader, har dei fleste lokalaviser klart seg på eit vis også det siste året. Men auken i produksjonsstøtta var eigentleg ikkje meint som krisehjelp. Målet med løftet er blant anna at lokalavisene skal få til ei ekstra satsing på journalistikk og digital utvikling. Artikkelen held fram under annonsen.
– Lokalavisene har levert tillitsvekkjande og store mengder viktig journalistikk dei siste månadane, men alle ser fram til meir normale tider, der lokalavisene kan dyrke god journalistikk og jobbe litt meir langsiktig for å gjere avisene enda meir attraktive overfor lesarane og annonsørane.
– Eg håper det er nok kraft i lokalavisene til at dei kan ta nokre nye løft også dei neste åra. Dei fleste av oss er vel litt fortvila over at pandemien ikkje er over, blant anna er det mange lokalaviser som framleis slit med annonseinntektene fordi det stadig kjem nye nedstengingar. Mange kulturarrangement, festivalar og andre aktivitetar som er så viktig i lokalsamfunna blir heller ikkje gjennomført denne våren og sommaren. Det går utover trivselen og samhaldet i bygdene og bydelane, avlysingane går også utover annonseinntektene til lokalavisene, seier Rune Hetland.
– Sjølv om det er korona-tider er det også landsmøtetider for dei politiske partia, rett nok på nett. Kva refleksjonar har du når du les partiprogramma og arbeider inn mot det politiske miljøet?
– Det går i rett retning. Formuleringane i partiprogramma er naturleg nok ganske runde, også om mediepolitikken, men det eg les og høyrer peiker i rett retning for lokalavisene. Vi i LLA arbeider uansett godt og konstruktivt med alle parti.
– La oss heller ikkje gløyme at det uansett er avisenes eigeninntekter som betyr mest for lokalavisenes økonomi. Det er eigenskapte inntekter frå lesarane og annonsørane som gjer at lokalavisene kan lage journalistikk. Produksjonstilskotet frå fellesskapet er eit supplement som gjer det mulig å ha fleire journalistiske ressursar enn elles. Det aller viktigaste er derfor at lokalavisene framleis leverer eit godt og interessant produkt, som folk vil betale for og som annonsørane vil vere ein del av.
LLAs pressepolitiske rådgjevar understreker også at lesarane og annonsørane er blitt meir krevjande:
– Alle må utvikla seg og det har eg inntrykk av blir gjort. Vi ser mange spennande innovasjonsprosjekt, kreativiteten er stor og det blir gjort mykje godt digitaliseringsarbeid.
– Innovasjonsstøtta som regjeringa innførte og som Medietilsynet forvalter, er også noko vi i LLA har jobba hardt for. Den skal særleg koma små, lokale medier til nytte, slik at lokalavisene kan driva med innhaldsretta innovasjon, seier Rune Hetland. Han legg til at LLA er svært nøgde med at lokalavisene skal prioriterast også i innovasjonsstøtta, men at ordninga kan bli enda betre. Det er viktig at reglane om eigenandel ikkje stoppar søknadane frå dei avisene som treng støtta mest.
– Kva med den såkalte korona-støtta?
– Den traff ikkje lokalavisene godt nok. Kompensasjonsordninga var eigentleg best for bedrifter som stengte heilt ned, våre aviser har måtta produsera meir enn nokon gong! Vi har derfor ikkje slått oss til ro med dette, LLA jobbar fortsatt med å få til noko som kan vere meir nyttig for avisene. Alt handlar om å ha rammevilkår for lokalavisene slik at innbyggjarane framleis får god lokalprodusert journalistikk, seier Rune Hetland.