Dette gjer Landslaget for lokalaviser no:

Når Norge er ramma av korona-virus, er det blitt enda tydelegare kor viktig det er med lokalaviser landet rundt. Medan lokalavisene hjelper innbyggjarane med livsviktig informasjon, hjelper LLA lokalavisene med rammevilkår, råd og praktiske tips.

LLAs styreleiar Øystein Øygarden understreka her på LLAs nettsider fredag at lokalavisene aldri har vore viktigere enn no. Les heile saken her.

Samtidig som lokalavisene står på for fullt døgnet rundt med å informere innbyggjarane om koronaviruset, har også LLA trappa opp beredskapen og hjelpeapparatet. LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet) er opptatt både av at lokalavisene har god nok økonomi til å drive vidare, og at avisene får praktisk hjelp i kvardagen.

– Lokalavisene sitt samfunnsansvar er tydeleg i desse dagar, seier Bruvik.

Dette er eksempel på kva Landslaget for lokalaviser gjer for å bidra i vanskelege tider:

LLA har fleire gonger i helga hatt kontakt med regjeringsapparatet om rammebetingelsene for lokalavisene. I morgon tysdag skal LLA ha eit møte med Kulturdepartementet der vi legg fram ein foreløpig situasjonsbeskrivelse for lokalavisene, samtidig som vi kjem med innspel til kva avhjelpande tiltak som må til for at lokalavisene skal kunne gjere jobben sin både i ei krisetid, men også etter at det aller verste er over. LLAs forslag til tiltak må sjåast i lys av at mange lokalaviser no ser ut til å tape store annonseinntekter, både frå lokale annonsørar og frå større kjeder.

LLA gir løpande råd og hjelp til enkeltaviser som opplever tøffe dagar. Mange treng ein samtalepartner om kva ein skal gjere i uvante situasjonar. Her er kontaktopplysningane til LLAs sekretariat. Du kan også finne praktiske råd hos SMB Norge, tidlegare Bedriftsforbundet.

Vi kjem med praktiske tips til nyttige redaksjonelle saker og vi deler erfaringar både frå det redaksjonelle arbeidet og frå markedsmedarbeidarane. Det gjer vi særleg i LLAs idébank og her på LLAs nettsider.

Vi henter inn informasjon om kva styresmakter, annonsørar og mediebyrå planlegg å gjere i mars og april. Dette gir oss bedre bakgrunnskunnskap slik at vi kan gi nyttige råd og anbefalingar til lokalavisene.

– LLA er her for lokalavisene, vi gjer så godt vi kan for å hjelpe til, seier Tomas Bruvik.

Medienyheter finn du blant anna hos Medier24, Journalisten og Kampanje.com.