– Bø blad er best i klassen! Avisa har vært på sjokoladekappleik og på fotballbanen. De har skrevet om frivillig innsats med nål, kniv og trenerfløyte. De har snakket med barn, voksne og eldre som holder foreningslivets hjul igang, seier prosjektleiar for Frivillighetens år Birgitte Brekke i ei pressemelding frå Frivillighet Norge.
– Heile lokalavisnorge har vore kjempeflinke til å skrive om frivilligheita i Frivillighetens år. Bø blad er absolutt best i landet, sa ho under prisutdelinga.
– Frivillighetens år har vore ein fantastisk folkefest, og utan lokalavisenes bidrag ville den festen vore ganske mykje tammare, la ho til.
Bø blad har:
- publisert 74 artiklar om frivilligheit
- i eigen spalte presentert 35 lag og foreiningar
- gitt heile førstesida til årets første papiravis til Frivillighetens år og frivillighet
- skrive fleire leiarar om frivilligheit
– Frivillig arbeid er ein avgjerande faktor og representerer verdiar og ringverknadar i lokalsamfunnet som ikkje alltid blir sett og verdsatt. For lokalavisa i Midt-Telemark er det både naturleg og viktig å løfte fram alt det gode arbeidet som blir gjort for å gjere bygda me bur i til ein betre stad å bu, sier redaktør og daglig leder i Bø blad Hilde Eika Nesje i pressemeldinga.
Frivillighetens år oppmoder alle lokalaviser til å fortsette å løfte fram lokale aktivitetar i sitt lokalsamfunn ut 2022, og vidare inn i 2023.
Les tidlegare omtale av Bø blad og Frivillighetens år i LLAs idébank.