CAFF2B45-689A-4BD4-A500-F6C662B4CC5F

8 mill meir til lokalavisene!

Regjeringa vil alt no auke mediestøtta med 10 millionar kroner. Lokalavisene skal få 8 av dei nye millionane. Senter for undersøkende journalistikk får 2 millionar.

Dette røpte kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen då ho besøkte redaktørforeningens høstmøte på Pressens hus torsdag. Då finansminister Trygve Slagsvold Veum la fram revidert statsbudsjett måndag, blei ekstraløyvinga stadfesta.

Det er i forslag til statsbudsjettet for neste år at Arbeiderpartiet og Senterpartiet vil føreslå at produksjonstilskotet til mediene blir auka med 10 millionar kroner. Åtte av desse skal altså øyremerkast dei små lokalavisene.

LLAs styreleiar Øystein Øygarden (t.v.) og pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland er blant dei som gler seg over dagens nyhende. Dei var begge på høyring i Stortinget (bildet) for eit par dagar sidan og snakka om avisdistribusjon, i dag gler dei seg over nye gjennomslag for betre rammevilkår for lokalavisene.

– Det er veldig gledeleg, og viktig, at den nye regjeringa alt no starter med å følgje opp det dei har sagt i Hurdal-erklæringa. Med åtte friske millionar kroner bidrar dei til å løfte journalistikken i lokalavisene, seier Øygarden og Hetland. Dei legg til at også støtta til Senter for undersøkende journalistikk (Sujo) er viktig for lokalavisene:

Sujo er ein viktig medspelar for lokalavisene, dei bidrar til at avisene våre kan bli flinkare til å lage undersøkande journalistikk ute i distrikta, seier LLAs Øystein Øygarden og Rune Hetland, og legg til:

– Dette er ein god start frå den nye regjeringa, vi gler oss til fortsettelsen.

Her er opptak frå kulturministerens besøk og tale hos Norsk Redaktørforening i Pressens hus torsdag.