Skjermbilde 2018-09-05 kl. 12.39.39

Kjærleik, hat og lokalannonsar

Tydeleg formspråk og enkel bodskap. Eller marknadsføring med eit smil. (HORDALAND FOLKEBLAD)

Lokalavisa i Kvam og Jondal er både elska og hata. Avisa leikar med sterke kjensler òg i marknadsarbeidet.

– Annonsa hadde arbeidstittelen «Er det ikke deilig å ha noen å hate?» fortel Camilla Skaar Ljones, dagleg leiar i Hordaland Folkeblad.

HORDALAND FOLKEBLAD

Illustrasjonen fangar blikket til lesaren på ein morosam måte, og får fram at lokalavisa er både elska og hata. Hat og kjærleik er sterke kjensler.

– Ikkje farleg å vera kontroversiell

– Lesarane våre er med andre ord ikkje likesæle. Me meiner at det ikkje er farleg å vera kontroversiell og at å omtala konfliktfylte saker ikkje berre er eit vonde sjølv om somme synest at lokalavisa til tider er for tabloid og sensasjonslysten, fortset ho.

– Me meiner at det nokon opplever som negativt, kan kjennast positivt for andre og at vår oppgåve er å få fram ulike synspunkt og å fylgja med på kva som hender i lokalsamfunnet, også dei meir konfliktfylte sakene.

– Poenget i denne annonsen er at engasjerte lesarar er ein føremon for annonsørane fordi det betyr at folk les avisa og bryr seg om det som står der. Om annonsørane ikkje alltid er samde i korleis eller kva me omtalar, er HF likevel ein god marknadsføringskanal som når ut til nesten alle husstandar i dekningsområdet og som mange ventar på kvar tysdag og fredag, om det er i glede eller harme, seier ho.Heile teksten i annonsen lyder:

Lokalavisa er elska og hata av 90 % av husstandene i Kvam og Jondal. Om du vil nå våre engasjerte lesarar, ting ei lysing i HF!