Utsatt: Videojournalistikk med mobil, Stord

5. november 2020 kl. 9:30
LLA

Lyst til å bruke mobilen til å lage fleire videoinnslag til avisa di? Klar for både inspirasjon, eksempler og grunnleggjande teknisk kunnskap for å lage egne små videosnuttar? I så fall er du velkomen til å vere med på eitt av LLAs videojournalistikk med mobil-kurs.

Kurset passer også godt for markedsmedarbeidarar som vil lære meir om foto/mobil-teknikkar for innholdsmarkedsføring for lokale annonsørar.

Vi arrangerer eitt kurs på Stord og eitt på Trondheim lufthavn Værnes. Det blir det truleg også tilsvarande kurs på Oslo lufthavn og truleg minst èin plass til.

På grunn av smittesituasjonen og regjeringas anbefalinger, er både Stord- og Værnes-kurset utsatt inntil vidare, truleg til januar. Meir informasjon kjem etter kvart.

Det er fotojournalist Carina Wangensten i Bømlo-nytt (bildet under) som stiller opp for at du og andre lokalaviser skal kunne bruke mobilen til å lage enkle videoinnslag til eiga nettutgåve. Carina har god erfaring frå Bømlo-nytt og andre lokalaviser – og byr på praktiske råd og kunnskap.

Pris: Kun 650 kroner! Dette inkluderer både fagleg program og lunsj.

Kurset passer godt både for nybegynnarar og for deg som allerede har brukt mobilen litt til videoinnslag. Om du har iPhone eller Android-mobil, betyr ingenting.

Programskisse:

09:30: Introduksjon

09:45: Ulike teknikkar for å lage videoopptak. Innblikk i korleis du produserer gode videosnuttar, som trengs minst mogleg redigering. Både om lyd og bilde

10:30: Gruppearbeid. Kvar gruppe lager sin eigen video

11:30: Lunsj

12:30: Gjennomgang og diskusjon om videosnuttane som har blitt laga

13:30: Videoredigering. Innsyn i ulike program og teknikkar. Gode praktiske råd

14.45: Avrunding og oppsummering.

Vi legg ut påmeldingslink når vi har satt ein ny dato.