Hallingdolen-dialekt-kultursak

Skreiv heile avisa på dialekt

Notisar og reportasjar, annonsar og kolofon  – Sjølv tv-programmet var på dialekt i Hallingdølen si dialektavis.

– Dialektavisa vart ein stor suksess, seier redaktør Lillian Holden.

Hallingdølen har fått mange tilbakemeldingar på avisa, og Holden anslår at 95 prosent av dei er positive. Likevel har ho vore tydeleg på at dette var eit eingongsstunt.

– Ein tredjedel av abonnentane bur utanfor dalen, og vi fekk ein del tilbakemeldingar om at dei håpar at dette var ei eingongshending. Det var det, og vi har heldigvis ikkje mista nokon abonnentar, seier ho.

Hallingdølen ville ha ei ikonisk framside på Dialektavisa, og fekk avisteiknaren til å slå seg laus med kart og sitat frå kvar kommune.

Tvert om har dei fått mange spørsmål om folk kan få tilsendt avisa på papir, noko dei har hatt høve til ettersom dei trykte opp ekstra opplag.

Skreiv på sitt eige mål

Med heile avisa på dialekt ønskte Hallingdølen å slå eit slag for dialekta. Bakgrunnen var at ei spørjeundersøking hadde vist at berre ein av ti unge pratar dialekt i Hallingdal. Då Hallingdølen omtala saka, laga dei ei dødsannonse for Hallingmålet. Det sette i gang eit overraskande stort engasjement, fortel redaktør Lillian Holden. Debatten gjekk i leserinnlegg og sosiale medier, og Hallingdølen laga fleire saker om temaet.

Så bestemte dei seg altså for å dra skikkeleg til, og toppa det heile med ei avis der alt var skrive på dialekt. Journalistane skreiv på sitt eige mål, noko dei tok som ei artig utfordring – sjølv om dei berre hadde to dagar på seg.

Rask og rasande

– Det vart mykje engasjement og språkdiskusjonar i redaksjonen, og vi fann mange artige ord og vendingar, seier Lillian Holden.

Det var ikkje berre dei redaksjonelle sakene som var skrive på dialekt. Kvart einaste ord, sjølv radio- og tv-programmet, vart omsett til dialekt. Dermed vart «Grease» til «Brylkrem» og «Fast & Furious» til «Rask og rasande».

Dialektord ga ein stoppeffekt til annonsane.

Annonseavdelinga fekk annonsørane til å annonsera på dialekt.

– Det var nok nokon av annonsane som vekte størst oppsikt. Eg håpar nokon av annonsørane har fått augene opp for at dei kan annonsera på dialekt for å skapa ein stoppeffekt, seier Lillian Holden.

Inga tulleavis

Redaksjonen bestemte seg for at dette ikkje skulle vera ei tulleavis. Sakene var dei same som dei ville vore om det var ei heilt vanleg torsdagsavis.

– Om det hadde skjedd ei stor og dramatisk hending, hadde vi nok tenkt oss om før vi drog det inn i dette stuntet. Vi hadde ein plan om at ei sak kunne stå på vanleg nynorsk. Heldigvis skjedde det ikkje noko dramatisk, seier Lillian Holden.

Dei vanlege nyhendesakene fekk skina i hallingmål denne dagen, til dømes:

Her skal vegen bia breiar og slakar – no kan du sea ditt. Kor væt bi dæ kluss i trafikken myljo Tuv og Venås. No kjem dæ endele plana um koss vegen kan bi bære.

Les også om Bø blad som gav ut ei eiga dialektavis i samarbeid med mållaget for nokre år sidan.