Dialektavisa slo an

Bø blad og Bø mållag har samarbeidd om dialektavisa «Håkken? Hått? Hårr?». Ei avis som har blitt svært populær og også når unge lesarar gjennom skulen.

Me lever i ei tid der norske dialektar er utsette for press. Stadig færre skuleungar tek i bruk lokalmålet. Eit meir standardisert austnorsk, men også engelske ord, vinn stadig større terreng.

Det skriv Ingebjørg Bø i Bø mållag si dialektgruppe. Dei gav nyleg ut ei eiga dialektavis i Bø blad. Målet var å bremse utviklinga ved å gle seg over, synleggjere og løfte fram lokale dialekter og dei som held desse i hevd.

Mållaget var inspirert av Bø blad som har skrive mykje om dialekt dei siste åra og har prøvd å bruke dialekt og nynorsk i annonser. Mållaget har laga innhaldet i avisa, medan Bø blad har redigert og distribuert.

– Det var eit svært vellukka samarbeid, seier redaktør i Bø blad Hilde Eika Nesje.

Mållaget betalte berre kostpris for avisa, men til gjengjeld kunne Bø blad selje annonser. Også i den vanlege avisa selde dei inn ekstra mange annonser på dialekt den dagen, og dei arrangerte konkurranse der den beste dialektannonsa vann ei heilside. 

– Avisa har blitt superpopulær, og vi har fått ekstremt mange positive tilbakemeldingar, fortel Hilde Eika Nesje.

Mållaget ønskte spesielt å nå yngre lesarar med avisa, og trykte opp eigne klassesett. Alle dei ni klassene på ungdomsskulen og alle dei 12 klassene på mellomtrinnet på dei to barneskulane har bestilt klassesett.

I avisa kan ein mellom anna lese saker om artistar som nyttar bømål og folk som har veksla mellom dialekt og bokmål. Vi finn intervju med ordføraren og direktøren i Norsk Språkråd. Ein språklektor skriv om dei systematiske trekka ved bømålet, og kjende forfattarar som Odd Nordstoga og Are Kalvø har også bidrege med tekstar. Her er dialektkryssord og eit eige bøspel. Fem på gata om favorittord på bømål er fint krydder på sidene.

Bø mållag har fått støtte til Dialektprosjektet av Sparebankstiftinga Bø (Sparebanken DIN), Noregs Mållag, Telemark Mållag, Bø kommune og Bø Venstre.