Ada Hirzel Sandvig er tilsett som journalist i Tysvær Bygdeblad. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ada Hirzel Sandvig er tilsett som journalist i Tysvær Bygdeblad. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ny journalist i Tysvær

Dei kan vere vanskeleg å finne, men nye journalistar finst der ute. Tysvær Bygdeblad viser fram ei av dei.

– Mitt første møte med Tysvær Bygdeblad var på byrjinga av 2000-talet. Då var bror min på framsida av avisa, der han heldt katten vår Pete i armane. Eg hugsar at eg var så stolt, og at både bror min og Pete blei skikkelege kjendisar, seier Ada Hirzel Sandvig, som nå er godt i gang med journalistjobben i Tysvær Bygdeblad.

I ei tid da mange slit med å rekruttere journalistar, hadde Tysvær Bygdeblad fleire aktuelle kandidatar til den ledige stillinga. Jobben gjekk til Ada, som har journalistutdanning frå Bergen. Avisa presenterer henne i ei eiga sak.

Se også ein annleis stillingsannonse i Bømlo-nytt, som hadde ei ledig journaliststilling. I annonsen intervjua dei ein av sine eigne tilsette som nyleg blei journalist etter mange år i interiørbransjen.