Skular, barnehagar, private og frivillige organisasjonar engasjerte seg då Vestnesavisa saman med Sunnmøre friluftsråd inviterte til ryddeaksjon 8. september.
– Det er veldig kjekt for oss som lokalavis å kunne leggje til rette for ei reinare strandsone. Miljøsaka er viktig, og det startar i nærmiljøet der folk bur. Som lokalavis er det viktig å vere synleg på fleire frontar, og ikkje berre vere den kritiske vakthunden som skal passe på. Men også delta aktivt for å gjere lokalsamfunnet til ein betre og trivelegare plass å bu, kommenterer redaktør Torstein Sønstabø.
Trine Aas-Risvik i Vestnesavisa tok intiativ til ryddeaksjonen i vår, og fekk til eit samarbeid med Sunnmøre friluftsråd som sponsa gåvekort til alle som deltok.
– Det var eigentleg veldig lite arbeid. Ein ryddeaksjon er noko som engasjerer dei fleste, så det var ikkje vanskeleg å få folk med, seier ho.
I tillegg til annonsar i eiga avis, fekk ho ut informasjon gjennom Facebook og brev til skulane og barnehagane.
Ho synest det er fint som journalist å ikkje berre fortelje kor rotete det er, men også gjere noko med det. Akkurat denne typen engasjement synest ho det er lett å forsvare, ettersom det er positivt for alle og ikkje inneber interessekonfliktar.
I ei sak i Vestnesavisa oppmodar Sunnmøre friluftsråd fleire aviser til å gjere det same.