Vest-Telemark blad (VTB) og lokalradioen Hjalarhornet samarbeider om nyheitsoppdateringar på radioen. Nytt frå VTB er på lufta etter riksnyheitene kvar heile time. I første omgang er dette eit prøveprosjekt på eit år.
Lærer om lyd
– Det er spennande å prøve. Lyd er i vinden, så vi prøver å finne ut korleis vi kan bruke lyd, seier redaktør Øystein Øygarden i VTB.
Gjennom samarbeidet får VTB vist seg fram på fleire plattformar. I tillegg lærer dei noko nytt.
– Vi lærer om radio og lyd, som er formidling på ein annan måte enn vi er vane med, seier han.
Planlegg podkast
Journalist Aslak Ringhus, som er tilsett i VTB men busett i London, har fått hovudansvaret for radiosendingane. Kvar dag vert det sendt åtte-ti nyheitsbulletinar. I tillegg har dei laga nokre litt lengre innslag, og begynt å gjere research til ei større podkast-satsing.
– Vi kjem til å presentere ein podkast etter kvart. Den må vi prøve å dra nytte av både i papir og på digitale flater, seier Øygarden.
Han jobbar med å få pengar til satsinga på lyd, og har søkt om innovasjonsstøtte. Etter prøveprosjektet vil avisa vurdere om dei skal halde fram med radiosendingar og lydproduksjon. Førebels lovar det bra, meiner redaktøren.