Elias Dahlen i Hallingdølen vann prisen Årets lokalavisfoto i fjor for biletserien om familien Paulino Khalifa.
Elias Dahlen i Hallingdølen vann prisen Årets lokalavisfoto i fjor for biletserien om familien Paulino Khalifa.

Lokalaviskonkurransane: Sjå alle dimplomane frå i fjor

Snart skal vi heidre dei beste lokalavisbidraga i sju ulike kategoriar.

Elias Dahlen sin biletserie om familien Paulino Khalifa er eit veldig godt, solid og gjennomarbeidd reportasjehandverk.

Frå juryens vurdering av biletserien som vart kåra til Årets lokalavisfoto i fjor.

I mars kan det vere din tur til å få slike godord frå juryane. Til inspirasjon kan du sjå alle diploma frå i fjor her.

Hugs at det i år skal kårast to hovudprisar: Årets lokalavis både over og under 4000 i opplag.

Det blir også delt ut to heiderlege omtalar i kvar kategori.

Her sender avisa inn sine bidrag innan 1. februar. Under innsendingsskjemaet kan du også lese kriteria for dei ulike prisane.

Alle prisane blir delt ut på LLAs landsmøte i Trondheim 28. til 30. mars 2025. Gå til LLAs konferansesider med program og påmelding.