Redaktør Sølve Rydland i Nordhordland var ordstyrar i ein valdebatt der behovet for kraft for å sikre arbeidsplassar var eit hovedtema. Foto: Skjermdump frå Nordhordland.no
Redaktør Sølve Rydland i Nordhordland var ordstyrar i ein valdebatt der behovet for kraft for å sikre arbeidsplassar var eit hovedtema. Foto: Skjermdump frå Nordhordland.no

Folkevandring som tema i valkampen

Kommuneøkonomi, samferdsel og statlege arbeidsplassar er døme på nasjonal politikk med lokale konsekvensar.

– Eg synest ikkje det er vanskeleg å finne lokale vinklingar på valkampen, seier Sølve Rydland. Han har lang erfaring med politisk journalistikk i NRK. No er han fersk lokalavisredaktør i Nordhordland.

– Politikken blir mykje meir interessant om ein klarer å dra han ned i kvardagen til folk, og då er han jo lokal. Derfor er det meir spennande å drive med politisk journalistikk på lokalt nivå. Då kjem ein tettare på kva politikken betyr for folk, seier han.

Sjekk kor viktig statlege arbeidsplassar er

Under kompetanselunsjen onsdag delte han sine idear om korleis tema frå «Den store folkevandringa»-prosjektet kan brukast som inngang til valkampen. Han drog fram tre aktuelle inngangar:

  • Kommuneøkonomien. Det er ein tendens til at utkantkommunar kjem dårlegare ut økonomisk enn tidlegare, spesielt dei som er frivillig små. Det har betydning for om kommunen har råd til å ha dei sjukepleiarane, lærarane og skulane som dei ønskjer.
  • Samferdsel. Kva type samferdsel er mest relevant for fråflytting? I nokon tilfelle kan dyre samferdselsprosjekt vere ganske dårleg anvendte pengar. Kva kunne ein elles fått for pengane? Sjå døme på sak om dette frå NRK.
  • Statlege arbeidsplassar. Det har vore lite journalistikk på at det faktisk var Victor Norman som var norgesmeister i å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Dei raudgrøne flytta ganske mange til Ås, som er ein del av Stor-Oslo.

Den sittande regjeringa har flytta ut fleire arbeidsplassar frå Oslo-regionen enn den raudgrøne gjorde om ein tar med nyetableringar. Dei fleste av desse har kome på større stader. Rundt 170 av dei rundt 1200 jobbane Solberg-regjeringa har flytta ut eller etablert har kome i distriktskommunar. Sjå NRK si sak om temaet. Sjå også saka til faktisk.no om at tala blir litt annleis om ein berre tek med reine utflyttingar.

Bergit Sønstebø Svendseid i NRK kom med nokre tips om kvar ein kan finne meir informasjon om statlege arbeidsplassar:

Still motspørsmål

Sølve Rydland minner også journalistane på at dei må hugse å stille motspørsmål. Når lokalpolitikarane klagar på kommuneøkonomien og skuldar på staten, spør kvifor dei ikkje tar grep sjølv.

– Dei kan skulde på staten, men dei har eit handlingsrom til å organisere seg annleis.

Han meiner lokalavisene har aller best føresetnader for å få folk engasjert i politiske saker, då dei kan plukke saker ut frå kva som faktisk betyr noko for folk lokalt. Det gjorde han sjølv då Nordhordland nyleg arrangerte valdebatt. Eit viktig tema då var om partia vil sikre straum til kraftkrevjande industri på Mongstad, noko Nordhordland og har sett på dagsorden gjennom nyheitsartiklar og kommentar.

– I dag er regionen veldig oljeavhengig. Viss dei skal vere med på det grøne skiftet treng dei tilført energi. Utan nok energi vil det bli masse arbeidsløyse som kan føre til fråflytting, forklarer Rydland.

Alle politikarane i panelet strekte handa i veret då Rydland spurde kven som kunne love at ein kan etablere nye kraftkrevjande arbeidsplassar på Mongstad innan 2026.

– Vi har fått tilbakemeldingar om at folk har høyrt mange debattar om det grøne skiftet, men då temaet blei lokalt bidrog det til forståing og nærhet, legg han til.

Debatten hadde godt med publikum både fysisk og digitalt. I ei oppfølgingssak fekk avisa det lokale næringslaget sin reaksjon på politikarane sine svar.

Rydland meiner det er viktig å hugse at det kan skje sentralisering også internt i ein kommune, og at situasjonen kan vere ganske ulik i periferien og i kommunesenteret. I siste avis hadde Nordhordland ei sak som viste kor vanskeleg det kan vere å skaffe arbeidskraft om ein er i utkanten, sjølv om det er snakk om ein nabokommune til Bergen: Ein frisør lovar dusør til dei som kan skaffe henne nye tilsette. I same avis hadde dei og historia om ekteparet som flytta frå Oslo til Radøy for å drive med ullgris.

Her kan du sjå opptak av kompetanselunsjen. Sølve Rydland er med det siste kvarteret: