Som inspirasjon til neste advent, kanskje som en idé til en påskeserie – eller bare for underholdingen – deler vi her noen av årets julekalendere og førjulsserier fra LLA-aviser.
Tre nøtter til bestemor
Folkebladets Tre nøtter til bestemor er en skikkelig fin og underholdende nett-tv-serie på 24 deler, laget av Sindre Olav Fredriksen som tidligere har jobbet for Folkebladet. Sindres bestemor har vært singel siden mannen hennes døde for 24 år siden. Nå har Sindre funnet ut at han vil finne kjæreste til bestemora. I løpet av 23 episoder gjør Sindre det han kan for å forberede henne på date, og i episode 24 skal hun gå på sin aller første date.
Forberedelsene byr på både morsomme og pinlige situasjoner for bestemor, når alt fra ny hårfarge og yoga til flørteskole og seksualundervisning står på programmet. Her er det også vinnersjanser for seerne. På slutten av hver episode får publikum et spørsmål knyttet til episoden, med ulike sponsede premier.
Her kan du se en teaser på serien.
Les også om serien hos Medier24.
Har laga krim-pod frå Bømlo
Kvar søndag i advent publiserer Bømlo-nytt ein ny episode i julekrimen om søskenborna Anna og Felix. Krimen er forfatta av journalist Carina Wangensten, og handlinga går føre seg i avisas dekningsområde. Målet har vore å laga ein krim som foreldre og born kan kosa seg med ilag.
– Me har tenkt heile vegen at podcasten «På Loftet» skal ha variert innhald. Etter mange episodar om Sleipner-ulukka, var det naturleg å laga litt lettare innhald. Sidan det var jul, blei julekrim eit godt alternativ, fortel journalisten.
I den travle førjulstida ville dei bruka minst mogleg ressursar på podcasten. Dei les inn episodane sjølv, og har nytta kollegaer og familie som stemmer til karakterane.
– Det å lesa inn ein skriven historie har gjort at det har vore lite redigering. Me har nytta podcaststudio og Zoom-lydopptaker med mic til å ta opp, fortel Carina Wangensten.
Samarbeider med lokal podcast-trio
Kvar dag i desember publiserer Hardanger Folkeblad ein filmsnutt der podcast-trioen «Odda For Faen» diskuterer eit ord, utan å nemna sjølve ordet. Konkurransen går ut på å skjønna kva dei snakkar om.
Redaktør Eivind Dahle Sjåstad fortel at avisa raskt tok kontakt med trioen, som lanserte podcasten sin i haust, om eit mogleg samarbeid.
– Både trioen og lyttarane er jo midt i den viktigaste målgruppa vår, seier han.
Dei var svært positive til samarbeid, og Hardanger Folkeblad inviterte dei inn til innspeling. På vel ein time fekk dei produsert alle 24 lukene.
Så langt har det kome rundt tusen ulike svar på e-post, i tillegg til mykje engasjement i sosiale medium. Dagen kalenderen vart lansert var det den nest mest leste saka på Hardanger Folkeblad si nettside, og han har vore på topplista kvar dag. Avisa ser allereie på korleis dei kan få til eit vidare samarbeid med podcast-trioen.
Leitar etter julenissen
Kvar dag i desember til og med juleftan blir det sett ut ein liten julenissebamse med Fjuken-logo i ei bedrift eller ein butikk i Ottadalen. På nettsida til Fjuken kjem det kvar morgon eit lite hint om kvar han kan vera å finna. Den som finn bamsen, får bamsen og kanskje også ein premie frå bedrifta der dei fann han. Finnaren må få einkvan i bedrifta til å ta bilde av seg saman med nissebamsen. Bileta blir publiserte i Fjuken.
– Dette har vorte svært godt motteke rundt omkring, og er med som ei grein i «E handla lokalt»-opplegget vårt, fortel redaktør Hans Erik Kjosbakken.
Det har ikkje vore spesielt tidkrevjande å laga kalenderen: ein telefonrunde til velviljuge forretningar og utkøyring av bamse, samt nokre minutt til kvar publisering morgon og kveld.
– Liten kostnad – stor gevinst (fohåpentleg) når det gjeld omdømet vårt, konkluderer redaktøren.